«Influensa»

Den pandemiske svineinfluensaen er komen til Noreg. Visste du at ordet influensa har med stjerner og planetar å gjera?

I eldre tider trudde dei at helsa vart påverka – for ikkje å seia influert – av himmelkroppane, dvs. planetane og stjernene. Ordet influensa kjem av latin influentia ’innverknad’ (jf. engelsk influence). Verbet som ligg under, er īnfluō, som direkte omsett tyder ’flyta/strøyma inn’, ikkje ulikt bokmålsordet innflytelse. Med andre ord var det innflytelsen frå stjernene og planetane som ifølgje folketrua gjorde folk sjuke. Virus vart ikkje påviste før i 1898. 

Ordet influensa er altså eit lånord i norsk. Som dei fleste andre lånord er det tilpassa mottakarspråket. I Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftspråket finn vi mange variantar av ordet. Her følgjer nokre døme: Frå Klæbu (Sør-Trøndelag) finn vi innflæns, frå Valdres innfluense og innfruense, frå Modum (Buskerud) innfelennsa og frå Stor-Elvdal (Østerdalen) florensa. Frå Vestlandet finn vi flunse og flonse

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:03.08.2009 | Oppdatert:20.12.2022