Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten
 

Eit hav av idear

(8.3.10) Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) driv systematisk språkrøkt. Departementet har sett av meir enn ei halv stilling til arbeid med språksaker. Dei tilsette får gå på klarspråkskurs og nynorskkurs, og leiinga har slege fast at språkrøkt er eit leiaransvar.

Bilde: Ved Reksta

Bilde: Ved Reksta

Dette departementet er eit godt føredøme når det gjeld arbeid med språk. Her er nokre av tiltaka:

  • FKD har nynorskkurs og klarspråkkurs, og desse kursa inngår no i opplegget departementet lagar for nytilsette.
  • FKD driv systematisk språkrøkt i store og viktige dokument.
  • FKD har gode rutinar for måljamstilling.
  • Leiarmøtet i FKD gjer vedtak i viktige språkspørsmål som forpliktar og engasjerer alle avdelingane.
  • FKD stiller krav i tildelingsbreva til etatane både når det gjeld klarspråkarbeid og nynorskbruk.
  • FKD har oppretta ei eiga språkgruppe.

Les meir om språkarbeidet i FKD i denne artikkelen. 

Utviklet av Gazette