[Teksten på bokmål]
Kva er klarspråk?
Med klarspråk meiner vi korrekt, klårt og brukartilpassa språk i tekstar frå det offentlege.
Kvifor klarspråk?
Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane.
Det er ikkje alltid mogleg å uttrykkja seg krystallklart. Styresmaktene må ofte handtera komplekse saker, og det kan vera mange grunnar til at dei må ta atterhald og bruka runde talemåtar. Men i dei aller fleste tilfelle har styresmaktene alt å vinna på å uttrykkja seg klart og forståeleg. Klarspråk hjelper bodskapen fram.
Ikkje forenkling same kva det kostar
Å uttrykkja seg klart tyder ikkje å forenkla språket same kva det kostar. Forenkling skal ikkje føra til fattig og unyansert språk. Ikkje alle tekstar kan vera enkle, og ikkje alle tekstar kan vera frie for fagspråk. Det viktige er at teksten er tilpassa mottakaren.