Artikkelen er skriven av Bjarne Myrstad, Fiskeri- og kystdepartementet.
Fiskeri- og kystdepartementet (FKD) har dei siste åra arbeidd meir med språk og språkspørsmål enn tidlegare etter initiativ frå departementsråden. Dette har resultert i auka interesse for språk blant medarbeidarane, betre språkføring i mange dokument og godt språkarbeid i avdelingane. Frå januar 2007 vart det sett av meir enn ei halv stilling til å arbeide med slike saker.
Vi har sidan vinteren 2007 samarbeidd med språktenesta for statsorgan i Språkrådet. Føremålet med arbeidet i departementet vårt fell saman med føremålet til språktenesta: Vi vil ha betre og klarare språk i den utoverretta verksemda vår og kravet om minst 25 prosent nynorsk i denne verksemda skal oppfyllast.
Departementsråden slo i starten fast at språkrøkt og oppfylling av mållova er eit leiaransvar. Vedtak i leiarmøtet i viktige språkspørsmål forpliktar og engasjerer alle avdelingane.
I to omgangar dei siste åra har vi køyrd ein serie avdelingsvise kortseminar (2-3 timar) i klarspråk med obligatorisk deltaking. Det er representantar frå språktenesta som held kursa, og dei tek utgangspunkt i avdelingane sine eigne tekstar. Det har vist seg at dette skaper interesse, humor og læring.
Vi tek også i bruk systematisk språkrøkt i store og viktige dokument og i saker på nett. Vi har gjort det med ei rekkje stortingsmeldingar og med budsjettproposisjonane. Her er det ofte mange forfattarar og mange språkstilar som gjer stoffet ekstra vanskeleg tilgjengeleg. Det gjeld å få ei eins form og ha konsekvens i rettskrivinga.
Som vi veit, fastset mållova at statsorgana skal ha minst 25 prosent nynorsk i all utoverretta verksemd. I FKD har vi ordna det slik at leiarmøtet i starten av året avgjer kva for stortingsdokument som dette året skal skrivast på nynorsk og bokmål. I tillegg har kvar avdeling eit sjølvstendig ansvar for at minst 25 prosent av høyringsnotata frå avdelinga er på nynorsk. Pressemeldingar og andre nyheiter på nett vert tilpassa nynorskkravet under vegs.
Medarbeidaren som har språkrøkt som ein del av arbeidsoppgåva, følgjer opp nynorskbruken på dei ulike felta gjennom året og rapporterer to gonger til leiarmøtet, halvårsrapport i juni og årsrapport i januar.
Vi har gjennomført todagars nynorskkurs i ei årrekkje. Det er blitt lettare for medarbeidarane å ta fri frå det vanlege arbeidet og gå på kurs etter at vi innførde ei ordning der ekspedisjonssjefane og avdelingsdirektørane vurderer behovet i avdelingane og sørgjer for ønska deltaking.
Klarspråkkurs og nynorskkurs inngår no i opplegget vi lagar for nytilsette i departementet. I vår skipar vi i samarbeid med språktenesta til eige klarspråkkurs for alle som har kome til FKD etter den siste runden med klarspråkurs i avdelingane. Om eit år blir det ny runde med avdelingsvise kurs.
Eg kan også nemne at FKD stiller krav i tildelingsbreva til etatane både når det gjeld klarspråkarbeid og nynorskbruk.
FKD har oppretta ei eiga språkgruppe med ein representant frå kvar fagavdeling og frå kommunikasjonseininga og administrasjonseininga. Gruppa arbeider med ulike språkspørsmål. I 2008 laga gruppa ei ordliste over vanskelege ord og uttrykk på våre fagfelt. Vi hadde rutinar for kvalitetssikring, og lista vart lagd fram for leiarmøtet før ho vart gjort tilgjengeleg for alle medarbeidarar. No er gruppa i gang med ein revisjon av denne ordlista.
Fiskeri- og kystdepartementet har funne ei ordning for språkarbeidet som vi meiner fungerer for oss. Vi har stor nytte og glede av samarbeidet med språktenesta for statsorgan i Språkrådet. Ja, språktenesta er ein viktig del av det opplegget vi følgjer.