Hos DN har dei satsa på språket på nettsidene først og utvikla ein eigen språkprofil for www.dirnat.no.
Klarspråklege prinsipp
Dei overordna prinsippa i språkprofilen er å tenkje gjennom desse punkta før ein går i gang med å skrive:
-
Kven er målgruppa og kva er teksten si oppgåve?
-
Skriv for dei som kan minst om saka.
-
Ta utgangspunkt i kven saka er viktig for.
-
Vurder om Internett er riktig kanal.
Dei konkrete råda i profilen er heilt i tråd med prinsippa for klarspråk, og handlar mellom anna om å
-
unngå passiv
-
bruke verb framfor substantiv
-
bruke du, de og vi
-
strukturere teksten med gode titlar, mellomtitlar, avsnitt og meiningsberande lenkjer
Dokument
Språklege retningsliner for Direktoratet for naturforvaltning
Sjekkliste for skriving for Direktoratet for naturforvaltning