Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Språktips frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Språktips – ei rettleiing i god målbruk

Frå innleiinga:

«Heilskapsinntrykket blir skapt av små detaljar. Godt språk og ein forståeleg bodskap har mykje å seie når vi ønskjer å gje omverda eit godt inntrykk av Fylkesmannen.

Nynorsken har stor valfridom. Det er mogleg å velje mellom mange former av det same ordet. Hjå Fylkesmannen kan kvar og ein skrive eit språk vi stort sett kjenner oss heime i. Som statstilsette er vi likevel pålagde å halde oss til hovudformene (læreboknormalen) i utetterretta verksemd. Det vil seie at vi må unngå sideformer, eller såkalla klammeformer.

Men valfridommen innanfor hovudformene kan òg by på vanskar. Problemet oppstår når fleire tilsette skal levere tekst til eitt og same dokument. Då bør vi ha valt dei same formene.

I dette heftet har vi samla nokre reglar som vi ofte syndar mot. Heftet er laga etter at vi i 2007 sette særleg fokus på språket vårt. Ein del døme og tema er klipte frå Språkrådet sin nettstad. Heftet er ikkje meint å vere ei komplett rettleiing.»

 

 

Kontaktperson hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane:

 

  • Anne Gro Fredheim, Anne-Gro.Fredheim(a)fmsf.no

 

Utviklet av Gazette