Døme
Då lova om røykfrie serveringsstader vart innførd i Noreg, var berre helvta av folket velvillig innstilt, men to år etter sluttar 78 prosent opp om røykjelova, viser undersøkingar frå MMI.
Kommentar til døme
Denne setninga inneheld svært mykje informasjon. Derfor bør ho delast opp.
Forslag til omformulering
Då lova om røykfrie serveringsstader vart innførd i Noreg, var berre helvta av folket velvillig innstilt. Men to år etter sluttar 78 prosent opp om røykelova. Dette viser undersøkingar frå MMI.
Døme
Nettstader som oppgir kva for standard som blir brukt, og som held denne standarden, har eit godt grunnlag for tilgjengelegheit og blir òg lettare å finne for søkemotorar.
Kommentar til døme
Dersom du brukar fleire kortare setningar i staden for éi lang, blir det lettare for mottakaren å få med seg alt du skriv. Slik kan det gjerast:
Forslag til omformulering
Nettstader bør oppgi kva for standard dei bruker, og halde denne standarden. Då blir dei meir tilgjengelege. Dessutan blir nettstaden lettare å finne for søkemotorar.