Døme på god ordforklaring
prosessfullmektig: den som representerer en part i sivile saker, vanlegvis ein advokat
Døme på mangelfull ordforklaring
tinglysing: Tinglysing av dokument skjedde tidlegare ved domstolane, men vart gradvis overført og sentralisert til Statens kartverk i perioden 2004–2007. All tinglysing skjer no ved Statens kartverk.
Kommentar til døme
Her står det ikkje noko om kva tinglysing er, berre kven som gjer jobben. Ei slik «forklaring» er ikkje til hjelp for lesaren.
Forslag til omformulering
tinglysing: offisiell registrering og kunngjering av eit dokument for å gjere det rettsgyldig