Døme
Arkeologirettleiinga tek føre seg dei formelle saksbehandlingsrutinane som etter lov om kulturminner av 9. juni 1978 nr. 50 (kulturminnelova) og forskrift om faglig ansvarsfordeling mv. etter kulturminneloven av 9. februar 1979 med seinare endringar, skal følgjast ved forvaltning av automatisk freda arkeologiske kulturminne og skipsfunn.
Kommentar til døme
Denne setninga er så lang og innfløkt og har så mange innskot at meininga forsvinn på vegen. For mange datoar og detaljar i vanleg tekst gjer teksten svært tunglesen. Dersom du må ha med detaljane, kan du heller ta dei med i ein fotnote.
Forslag til omformulering
Alle som forvaltar automatisk freda arkeologiske kulturminne og skipsfunn, må følgje visse saksbehandlingsrutinar. Denne rettleiinga skildrar desse rutinane, som byggjer på kulturminnelova og forskrift om faglig ansvarsfordeling mv.
Merknad
(Merk at titlar på lover og forskrifter skal skrivast i same målform som lovene og forskriftene, medan kortversjonar av namna følgjer målet elles i teksten.)
Døme
Etter forskrift 1. juli 2004 nr. 1105 om dyrehelsemessige betingelser for ikke-kommersiell transport av kjæledyr er det, med nokre unntak, krav om at hundar, katter og ilderar som blir innførde frå EU og listeførde tredjeland (lista kan lastast ned over) skal vere vaksinerte mot rabies.
Kommentar til døme
Her er det for mange innskot og for mykje informasjon på éin gong. Hovudpoenget er at kjæledyr som blir importerte, skal vere vaksinerte mot rabies. Datoen og nummeret på forskrifta treng du ikkje ha med dersom teksten er mynta på eit større publikum. Eventuelt kan du setje inn ein fotnote.
Forslag til omformulering
Forskrift om dyrehelsemessige betingelser for ikke-kommersiell transport av kjæledyr krev at hundar, kattar og ilderar som blir innførde frå EU og listeførde tredjeland, skal vere vaksinerte mot rabies. Det finst nokre få unntak frå dette kravet. Lista over tredjeland kan du laste ned. Sjå lenkja ovanfor.
Merknad
(Merk at titlar på lover og forskrifter skal skrivast i same målform som lovene og forskriftene, medan kortversjonar av namna følgjer målet elles i teksten.)