Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Ver varsam med bruken av passiv. Fortel kven som gjer kva!

I mange tilfelle kan det vere praktisk å bruke passiv form, t.d. når det er ukjent eller uinteressant kven som gjer noko, slik som i desse døma:

  • Eplet vart ete.
  • Her skal det byggjast eit kjøpesenter.

Men når du veit kven som gjer kva, og dersom du ikkje har nokon god grunn til å skjule det, bør du fortelje det.

Døme
Søknad kan ikkje sendast elektronisk.

Kommentar til døme
Kven kan ikkje sende?

Forslag til omformulering
Du kan ikkje sende søknaden elektronisk.

 

Døme
Dette vedtaket kan påklagast.

Kommentar til døme
Kven kan klage?

Forslag til omformulering
Du/de kan klage på dette vedtaket.

 

Døme
Eventuelle brot på regelverket tyder at det må betalast avgifter for køyretøyet.

Kommentar til døme
Kven bryt reglane, og kven betaler?

Forslag til omformulering
Dersom du bryt reglane, må du betale avgifter for køyretøyet.

 

Døme
Det blei fra politiet si side innleidd etterforsking.

Kommentar til døme
Politiet er subjektet. Set politiet på første plass.

Forslag til omformulering
Politiet innleidde etterforsking.

 

Utviklet av Gazette