Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Pass på at setningsledd som høyrer saman, står nær kvarandre.

Døme
Ho fekk ei pakke av dottera si på tre kilo.

Kommentar til døme
Dersom det ikkje var dottera om vog tre kilo, bør setninga skrivast om.

Forslag til omformulering
Ho fekk ei pakke på tre kilo av dottera si.

 

Døme
Martin hadde fått nokre tablettar av ein lege som han hadde ete.

Kommentar til døme
Kva var det Martin hadde ete? Om det ikkje var legen, bør setninga skrivast om.

Forslag til omformulering
Han hadde fått nokre tablettar av ein lege og ete dei opp. 

 

Døme
Vi vil ha fleire legar og sjukepleiarar med denne kompetansen på sjukeheim.

Kommentar til døme
Skal legane og sjukepleiarane på sjukeheim? For å klårgjere meininga kan vi setje inn nokre ekstra ord.

Forslag til omformulering
Vi vil at fleire legar og sjukepleiarar med denne kompetansen skal arbeide på sjukeheim.

 

Døme
Du må ha med deg dokumentasjon på det mellombelse opphaldet i køyretøyet.

Kommentar til døme
Er det ikkje litt strengt å krevje dokumentasjon på at nokon mellombels held til i eit køyretøy?

Forslag til omformulering
Dokumentasjon som viser at du held mellombels til i Noreg, bør du ha med deg i køyretøyet.

 

Utviklet av Gazette