Døme
Dersom vi ser på statistikken, så ser vi at …
Forslag til omformulering
Statistikken viser at …
Døme
Etterforskinga av saka må gjennomførast med hurtigheit og grundigheit
Kommentar til døme
Treng vi -heita her?
Forslag til omformulering
Saka må etterforskast raskt og grundig.
Døme
I eigenskap av å vere byggherre for ein sjuke- og aldersheim i verneområdet føretok kommunen utfylling av eit vatn i nærleiken.
Kommentar til døme
Treng vi eigenskapar her? Kvifor ikkje seie det med det enklaste ordet?
Forslag til omformulering
Som byggherre for ein sjuke- og aldersheim i verneområdet fylte kommunen ut et vatn i nærleiken.
Døme
Det knyter seg usikkerheit til føresetnadene deira for å adoptere eit barn fra utlandet.
Kommentar til døme
Treng vi å knyte noko her?
Forslag til omformulering
Det er uvisst om dei fyller vilkåra for å adoptere eit barn fra utlandet.
Døme
Vi finn derfor ikkje å kunne endre etternamnet ditt.
Kommentar til døme
Finne å + infinitiv er ein unødig omstendeleg uttrykksmåte.
Forslag til omformulering
Vi kan derfor ikkje endre etternamnet ditt.