Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Unngå «stabling» av hjelpeverb.

Dersom du brukar hjelpeverb (må, skal, vil, bør), bør du unngå opphoping. Oftast er eitt hjelpeverb nok.

Skriv heller «er» enn «vil vere» (dersom det ikkje er snakk om framtid eller ønske).

Ikkje skriv «vil måtte vere» dersom du kan skrive «må vere».  Ikkje skriv «vil kunne vere» dersom du kan skrive «kan vere».

Døme
Hunder og katter vil måtte vere ca. 7 månader gamle før dei kan innførast.

Forslag til omformulering
Hunder og katter må vere ca. 7 månader gamle før dei kan innførast.

 

Døme
Dersom du går inn på nettsidene våre, vil du òg kunne finne brosjyrar.

Forslag til omformulering
På nettsidene våre kan du òg finne brosjyrar.

 

Døme
Det vil kunne vere nyttig med dokumentasjon.

Forslag til omformulering
Dokumentasjon kan kome vel med.

 

Døme
vil dokumentasjonen kunne kome til å bli tillagd større betydning.

Forslag til omformulering
kan dokumentasjonen meir å seie.

 

Utviklet av Gazette