Døme
Mål og målsetjing
Kommentar til døme
Ordet målsetjing blir ofte brukt i statlege styringsdokument. Men kva tyder det? Skal vi dømme ut frå dei samanhengane ordet blir brukt i, er det oftast mål skribentane har i tankane. Målsetjing tyder eigentleg ’det å fastsetje et mål som ein skal nå’. Det beste er å skrive at ein når eit mål, ikkje at ein når ei målsetjing.
Døme
Problem, problemstilling og problematikk
Kommentar til døme
Mange skriv problemstilling og problematikk når dei eigentleg meiner problem. Ei problemstilling er den måten ein presenterer eitt eller fleire problem på når ein ønskjer å diskutere det/dei Problematikk er alle spørsmål som gjeld eit emne. Dersom du meiner problem, skriv problem, ikkje problemstilling eller problematikk.