Døme
Saka vart gjord til gjenstand for drøfting.
Forslag til omformulering
Saka vart drøfta.
Døme
Det vart føreteke forkynning av tiltalen.
Kommentar til døme
Verbet føreta har ikkje noko sjølvstendig innhald og kan sløyfast.
Forslag til omformulering
Tiltalen vart forkynt.
Døme
Det er føreteke ei standardheving. Det er òg utført måling av innvendige overflater.
Kommentar til døme
Verbet føreta og utføre har ikkje noko sjølvstendig innhald og kan sløyfast.
Forslag til omformulering
Standarden er heva, og innvendige overflater er måla.
Døme
Det bør skje ei innskjerping av dagens dispensasjonspraksis.
Kommentar til døme
Verbet skje har ikkje noko sjølvstendig innhald og kan sløyfast.
Forslag til omformulering
Dagens dispensasjonspraksis bør skjerpast inn.