Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Dersom du brukar tilvisingsord som den, denne, det, dette, dei, desse, må du gjere det klårt for mottakaren kva eller kven du viser til.

Døme
I Troms og Finnmark var det i løpet av det 18. og 19. hundreåret stor innvandring frå Finland. Desse utgjorde 13 % av befolkninga i Finnmark i slutten av hundreåret.

Kommentar til døme
Den første setninga har ikkje noko ord som desse i den andre setninga kan peike tilbake på. Ordet innvandrar må inn i den første setninga for at dei to setningane skal hange saman.

Forslag til omformulering
På 1700- og 1800-talet kom det mange innvandrarar frå Finland til Troms og Finnmark. Dei utgjorde 13 % av befolkninga i Finnmark på slutten av 1800-talet.

 

Døme
Etter at han hadde stått slik i ca. 2 minutt, avfyrte tiltalte eit skot mot bringa på bjørnen medan han stod på to vendt mot han, for å ta livet av han.

Kommentar til døme
Kven står, og kven står kven etter livet?

Forslag til omformulering
Den tiltalte(?) stod slik i ca. to minutt. Så skaut han mot hjartet til bjørnen, som stod på to vendt mot han.

 

Utviklet av Gazette