Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Unngå vage og upresise ord.

Det er lett å gripe til vage og fleirtydige ord dersom vi ikkje er heilt sikre på kva vi sjølv meiner, eller når vi ikkje ønskjer å uttrykkje oss heilt klårt. Men oftast er det lurt å la vere å bruke slike ord.

Vi skal bruke ordet forhold som døme her.

Ordet forhold kan bety mange ting. Døme på uheldig bruk av dette ordet finn du nedanfor.

Døme
For Kystverket inneber dette eit aktivt forhold i kystsoneplanlegging i samarbeid med lokale og regionale aktørar.

Kommentar til døme
Kva tyder forhold her? Ut fra samanhengen ser det ut til at det tyder deltaking, men sikre kan vi ikkje vere.

Forslag til omformulering 
Dette innebærer at Kystverket må delta aktivt i kystsoneplanlegging i samarbeid med lokale og regionale aktørar.

 

Døme
Mangel ved vara føreligg ikkje dersom feilen skuldast forhold ved forbrukaren, til dømes uforsiktig bruk eller dårleg vedlikehald.

Kommentar til døme
Her gjer ordet forhold setninga uklår. Om vi fjernar det og skriv om setninga, blir bodskapen klår.

Forslag til omformulering 
Det er ingen mangel ved vara dersom forbrukaren sjølv er opphav til feilen og til dømes ikkje har stelt fint med vara.

 

Eit anna vagt uttrykk er «i forhold til» eller «i høve til». Dersom du ikkje har tenkt å samanlikne ting, bør du unngå dette uttrykket. Bruk heller ein vanleg preposisjon, t.d. i, med, om, på, til, for, eller uttrykk som «når det gjeld» eller «med tanke på».

 

Døme
Politiet har eit ansvar i forhold til å oppklare saka.

Kommentar til døme
Prøver politiet å fråskrive seg ansvar? Det heiter «ansvar for», ikkje «ansvar i forhold til».

Forslag til omformulering 
Politiet har ansvar for å oppklare saka.

 

Døme
Dessverre er det lite vi kan gjere i forhold til dette.

Forslag til omformulering 
Dessverre er det lite vi kan gjere med dette.

 

Døme
Det er mange fleire besøkjande i høve til i fjor.

Kommentar til døme
Fleire/mindre i forhold til = fleire/mindre enn. Like mange i forhold til = like mange som.

Forslag til omformulering 
Det er mange fleire besøkjande enn (det var) i fjor.

 

Døme
Prosessreglane bør ikkje leggje til rette for ein rettergang som er for vidløftig i høve til den einskilde saka sin karakter.

Kommentar til døme
Ingen ville ha sagt at advokathonorara er for høge i høve til den einskilde persons lommebok. Dei er beint fram for høge for folk.

Forslag til omformulering 
Prosessreglane bør ikkje leggje opp til meir omstendeleg rettargang enn saka krev (kvar sak krev).

 

Utviklet av Gazette