Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Kva vil du at mottakaren skal vite eller gjere etter å ha lese teksten din?

Vil du at mottakaren skal

  • svare på spørsmål?
  • gi opplysningar?
  • rette ein feil?
  • betale ein sum?

Då må du fortelje det så tydeleg som råd, utan å pakke det inn. Vend deg gjerne direkte til mottakaren.

Døme
Tvangsinnkreving kan unngåast dersom kravet blir betalt innan betalingsfristen. Dersom betaling ikkje skjer innan fristen, vil gjelda bli forsøkt innkravd ved trekk i løn/trygd eller anna utlegg.

Kommentar
Dette dømet er heilt upersonleg. Her er det ingen som gjer noko som helst. Fortel mottakaren klårt og tydeleg kva han/ho skal gjere og om kva konsekvensar det får om han/ho ikkje gjer det.

Forslag til omformulering
Du kan sleppe tvangsinnkreving om du betaler innan fristen. Om du ikkje betaler innan fristen, vil vi forsøkje å krevje inn gjelda ved å trekkje deg i løn eller trygd eller ved å ta pant i noko du eig.

 

Utviklet av Gazette