Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Ny rettskrivning 1938

OmslagNy rettskrivning 1938. Bokmål, regler og ordliste. Nynorsk, regler og ordliste. Utgitt av Kirke- og undervisningsdepartementet. Olaf Norlis Forlag. Oslo

Skriftet er i jpg-format. Hvert dokument er ca. 70 kB.

Originalformatet er 13 x 20,5 cm.

For å få bildefilene i full størrelse må en i enkelte nettlesere plassere muspekeren på hjørnet nederst til høyre på bildene og klikke på det symbolet som da kommer fram.

Omslag   32 63 13
Bokmål 33 64 14
Forord 34 65 15
Forkortinger 35 66 16
Innhold 36 67 17
Innhold forts. 37 68 18
7 38 69 19
8 39 70 20
9 40 71 21
10 41 72 22
11 42 73 23
12 43 74 24
13 44 75 25
14 45 76 26
15 46 77 27
16 47 78 28
17 48 79 29
18 49 80 30
19 50 81 31
20 51 82 32
21 52 Nynorsk 33
22 53 Innhald 34
23 54 Rettleiing 35
24 55 5 36
25 56 6 37
26 57 7 38
27 58 8 39
28 59 9 40
29 60 10 41
30 61 11 42
31 62 12

Om reforma


Stortinget gjorde i 1934 vedtak om at det skulle nedsetjast ei departemental nemnd som skulle kome med framlegg om «1. ei tilnærming på norsk folkemålsgrunn mellom dei to måla i rettskriving, ordformer og bøyingsformer, 2. ei avgrensing av dei mange dobbeltformene (obligatoriske – valfrie) som no finst i båe måla». Kyrkje- og undervisningsdepartementet nedsette så eit utval med desse medlemmene:

Bokmål: professor Ragnvald Iversen (formann), forfattar Johan Bojer, stortingsmann Gustav Natvig-Pedersen.
Nynorsk: professor Arne Bergsgård, folkehøgskulestyrar Martin Birkeland, professor Halvdan Koth.

Nemnda leverte tilråding i 1935. Innstillinga vart gjord offentleg 8. januar 1936. Reaksjonane var sterke på begge sider. Både Noregs Mållag og riksmålsrørsla sette ned utval til å vurdere framlegga. Nemnda frå Noregs Mållag avviste i det store og heile framlegget som altfor tilnærmingsvennleg. Riksmålsutvalet gjekk klart imot den stillinga som talemålet til folkefleirtalet hadde fått i framlegget.

På grunnlag av desse og andre merknader utarbeidde nemnda og departementet ei tilleggstilråding. I nynorsk vart til dømes i-former tekne inn att som sideformer.

Den nye rettskrivinga vart vedteken av Stortinget i 1937 med 112 mot 37 røyster og tok til å gjelde hausten 1938. Mange av dei radikale formene frå 1917 vart no hovudformer. Tanken var at dei skulle byggje bru mellom bokmål og nynorsk.

 

Utviklet av Gazette