Språkrådet har utarbeidd eit framlegg til interne rutinar som statsorgan kan etablere for å sikre at dei oppfyller krava i mållova.
1 I store institusjonar som har avdelingar, må kvar avdeling ha ansvar for å oppfylle krava i mållova. Dersom kvar avdeling ikkje har eit sjølvstendig ansvar for å syte for veksling mellom målformene, blir ansvaret pulverisert.
2 Den øvste leiinga for institusjonen har likevel ansvar for at institusjonen som heilskap følgjer reglane.
3 Reglane bør vere enkle. Statsorgan som brukar mest bokmål, kan t.d. ha ein regel om at tredje kvar pressemelding skal vere på nynorsk, og tilsvarande reglar for rundskriv, lysingar, brosjyrar og andre tekstar. Mange statsorgan har slike reglar.
4 Praktiseringa av reglane må følgjast opp. Statsorganet må følgje utviklinga i løpet av året og gjere opp status kvart halvår, slik at veikskapar kan rettast opp før året er omme. I rapportskjemaa skal status både for 1. og 2. halvår førast opp.
5 Institusjonar som har informasjonsplanar, bør innarbeide veksling mellom målformene i planen. Institusjonar som har opplæringsplanar, bør etter behov innarbeide opplæring i nynorsk i planen.