Rettsleg sett er det i dag uklart i kva grad mållova gjeld for tidlegare forvaltningsbedrifter og forvaltningsorgan som no er fristilte og organiserte som eigne rettssubjekt, likeins for ulike typar verksemd som staten har skipa frå grunnen av på utsida av forvaltninga. Kjenneteiknet for dette konglomeratet av selskap, stiftingar o.l. er at tilknytinga til staten er meir eller mindre klart til stades, sjølv om det ikkje er ein del av forvaltninga i trong meining.
I språkmeldinga frå 1997 (St.meld. nr. 13, 1997–98) vart det lagt til grunn at det trengst eit nytt rettsgrunnlag for å få ei rimeleg avklaring i spørsmålet om plikter til bruk av bokmål og nynorsk i den etter kvart ganske breie gråsona i grenselandet mellom reint statleg og reint privat verksemd. I samsvar med framlegget i meldinga, jf. òg Innst. S. nr. 174 (1997–98), oppnemnde Kulturdepartementet i januar 1999 ei arbeidsgruppe til å sjå nærmare på dette spørsmålet. Rapporten frå arbeidsgruppa vart avgitt sommaren 2000.
Arbeidsgruppa har ikkje kome med eit konkret framlegg til løysing, men har skissert ulike alternativ for å avgrensa i kva grad målbruksreguleringa kan gjerast gjeldande for statstilknytte institusjonar og verksemder av ulike slag. Tanken er at alternative løysingar kan nyttast i ulike tilfelle og eventuelt i ulike kombinasjonar. Dette føreset nærmare vurderingar som grunnlag for eit konkretisert opplegg.
I mellomtida rår Kultur- og kyrkjedepartementet til at utskilde selskap og andre organ der det er rettsleg tvil, så langt råd er følgjer tilsvarande prinsipp for målbruken sin som dei som ligg til grunn for mållova. Viktigast i så måte er ei viss veksling mellom målformene i generelt informasjonstilfang og svar til privatpersonar og andre private rettssubjekt i same målforma som dei sjølve har nytta.