Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa og forskrifta til lova har føresegner om m.a. målformer i grunnskolen, lærebøker og andre læremiddel og om godkjenning av ordlister.
Det er Utdannings- og forskingsdepartementet som administrerer lova.
Utdrag frå lova
§ 2-5. Målformer i grunnskolen
Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. klassetrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.
I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.
Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. klassetrinnet. Frå og med 8. klassetrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.
Når minst ti elevar på eitt av klassetrinna 1-7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.
Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på klassetrinna 1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.
Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet kan gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring.
I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter vallova av 1. mars 1985 nr. 31 § 11. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre/forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap. Departementet kan gi nærmare forskrifter.
§ 9-4. Lærebøker og andre læremiddel
I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. I særlege tilfelle kan departementet gjere unntak frå denne regelen.
Norske lærebøker som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med læreboknormalen slik denne er fastsett i forskrifter med heimel i lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste. Med lærebøker er her meint alle trykte læremiddel som dekkjer vesentlege delar av måla og hovudmomenta for eit fag etter læreplanen for vedkommande klassetrinn eller kurs, og som elevane regelmessig skal bruke.
Lesebøkene i norskfaget i grunnskolen skal ha nok tilfang på begge målformer slik at elevane lærer å lese både bokmål og nynorsk.
Ordlister til skolebruk skal godkjennast av Norsk språkråd.
Departementet gir nærmare forskrifter om kva læremiddel som er omfatta av kravet i første leddet.