Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Fjellnavn

FJELLNAMN

Rondane kjem ikkje av adjektivet rund. Truleg ligg gammalnorsk rond ’rand, stripe’ attom.

Fjellnamnet kan ha vorte overført frå Rond, mogleg opphavleg namn på Rondvatnet ’randa, smalvatnet’. Jamfør Rond som det gamle namnet på Randsfjorden.

Dovre er eit gammalt gardsnamn, seinare  bygdenamn, og blir no brukt om det som eigenleg heiter Dovrefjell.

Dovre har og vore gardsnamn i Biri i Oppland, og finst som svensk innsjønamn. Tydinga kan ha med ’dal, djup’ å gjere.

 

FLERE FJELLNAVN

Bolna i Rana i Nordland er fornorsking av sørsamisk Bålnuo eller Bålnie ’rund haug, tue’.

Glittertinden kommer av tind og elvenavnet Glitra av verbet glitre ’glinse, blinke’.

Junkeren, Junkerfjellet, flere steder i Nordland, kan ha navn etter lensherre Preben von Ahnen (1606–75). Han ble kalt Junkeren. I 1658 drog han på hærferd til Sverige gjennom Junkerdalen.

Men Junkeren kan og skrive seg fra en samisk gudebetegnelse junkar.

 

MEIR OM FJELLNAMN

Hårkallen er eit fjell på Langøya i Vesterålen. Førsteleddet er truleg gammalnorsk harr ’grå, gråhåra’. Tydinga blir dermed ’den gråe mannen’.

Hårskallen i Levanger i Nord-Trøndelag har tydinga ’den grå skallen’.

Hårteigen på Hardangervidda har vore tolka som ’den grå vegvisaren’, jamfør tysk zeigen ’vise, peike’.

Meir truleg er det at Hår- her kjem av gammalnorsk har ’hår’, og at tydinga er ’den delen (=teigen) av hovudet som det veks hår på’ – ut frå ei jamføring av korleis fjellet ser ut på avstand.

 

DYR I FJELLNAVN

Geita finner vi bl.a. i Svolværgeita og i Geiteryggen i Buskerud.

Havren er fjellnavn flere steder i landet. Det går tilbake til gammelnorsk hafr ’bukk’. Ruten, av gammelnorsk (h)rutr ’vær, saubukk’, er et annet vanlig fjellnavn.

Galten, av galt(e) ’hanngris’ fins også flere steder som fjellnavn.

Gammelnorsk throndr ’gris, galte’ ligger bak navna Tron (i Alvdal i Hedmark), Tronshatten og Trondfjell (begge i Sør-Trøndelag).

Utviklet av Gazette