Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Oppføringsmåtar

Der det er brukt skråstrek for å skilje mellom nynorsk og bokmål, kjem nynorskforma først, til dømes:

Keltarsjøen/Keltersjøen havområdet mellom Irland og Cornwall i England
Italia stat i Europa; italienar/italiener, italiensk

Parentes om ein eller fleire bokstavar markerer valfridom. Oppføringa
Luxemb(o)urg vil seie at det kan skrivast anten Luxemburg eller Luxembourg.

Oppslagsord i parentes er utafor gjeldande rettskriving. Det blir vist til fastsett skrivemåte, til dømes: (Abessinia) sjå Etiopia.


Generelt elles

Når det kjem nye namn og namneformer i samband med politiske vedtak og omveltningar i eit land, rår Språkrådet til at:

a  ein held seg til dei tradisjonelle kjende norske namneformene (der slike finst) inntil det eventuelt blir fastsett nye former

b  der det ikkje finst fastsette/kjende norske namneformer frå før, bruker ein dei aktuelle namna med skrivemåtar som er i samsvar med etablerte retningslinjer. Der det ikkje finst retningslinjer, held en seg til det vedkommande stat sjølv vil ha, eventuelt til ein dominerande praksis i aktuelt nyhendestoff

c  der det kjem overgang til det latinske alfabetet frå eit anna skriftsystem, retter ein seg etter punkta a og b ovafor.

 

Utviklet av Gazette