Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Nynorsk programvare – måljamstilling i IKT

Her finn du omtale av nynorsk programvare og fråsegner Språkrådet har gjeve om nynorsk programvare for ulike føremål.

Nynorsk i dataverda

Eit overordna politisk mål er at alle innbyggjarar i Noreg skal ha lik tilgang til IKT-tenester og -produkt, og det er ein føresetnad at tenestene og produkta er tilgjengelege på norsk.

Heilt sidan dataalderen gjorde inntog i Noreg, har nynorsk vore mykje dårlegare representert i brukarprogram og datatenester enn bokmål.

Om ikkje nokon tek ansvaret for å syte for nynorsken, den minst utbreidde av dei to målformene, kan han fort hamne i skuggen av bokmål på dette feltet og bli meir eller mindre usynleg i arbeids- og kvardagsliv.

Sidan midten av 1990-åra har Norsk språkråd arbeidd på ulike måtar for å bøte på den utilfredsstillande situasjonen for nynorsk innanfor programvare og informasjons- og kommunikasjonsteknologien (IKT) elles. Det nye Språkrådet fører dette arbeidet vidare.

Språkrådet ser det som ei viktig oppgåve å arbeide for jamstilling mellom bokmål og nynorsk på dette området òg. Målet er at dei to målformene våre skal kunne nyttast på like vilkår i alle datasamanhengar. Språkrådet har i mange høve etterlyst jamstilling mellom nynorsk og bokmål når det gjeld tilbodet av  brukarprogram og andre dataprodukt og -tenester.

Skulen

Tilhøva i skulen er ikkje minst viktige. Opplæringslova seier at lærebøker og tilsvarande læremiddel skal liggje føre i parallelle målformutgåver til same tid og same pris. Lærebøker og tilsvarande digitale læremiddel som blir brukte i skolen, skal vere i samsvar med offisiell rettskriving.

Språkrådet har fleire gonger teke opp med utdanningsmyndigheitene at dei same reglane som gjeld trykte læremiddel, også må gjelde digitale læremiddel og programvare som elevar og lærarar nyttar i skulekvardagen.

Status

Arbeidet har bore frukt. Sidan slutten av 2003 har det vorte lettare å skaffe seg vanlege kontorprogram på nynorsk.

For det første har prosjektet Skulelinux sytt for omsetjing til både bokmål og nynorsk av Linux og (saman med Møre- og Romsdal og Akershus fylkeskommunar) kontorpakka OpenOffice. Programma i pakka byggjer på open kjeldekode og er i prinsippet gratis.

Hausten 2003 gav dessutan Microsoft Norge ut ei lita kontorpakke med nynorsk i menyar og styretekster, men ikkje i hjelpetekstene. Seinare har Microsoft lage ein nynorsk grensesnittpakke for Windows XP og Vista.

Oversikt over nynorsk programvare


Sist oppdatert 22. november 2010

 

 

Utviklet av Gazette