Av Jon Grepstad
[Denne artikkelen vart skriven i 2002. Sidan da er forskrifta til opplæringslova endra slik at kravet om språkleg parallellitet også omfattar vanlege kontorprogram som elevane nyttar i skulen. JG 19. juli 2007]
1 Innleiing
5. november 2002 kunngjorde Microsoft at neste versjon av Office-pakken kjem på nynorsk. Dermed var eit viktig delmål i arbeidet for nynorsk programvare nådd. Andre viktige delmål var nådde tidlegare: I 2001 tok det store dugnadsarbeidet med Skulelinux til – omsetjing av kontorstøtteprogram og pedagogiske program for Linux til nynorsk, bokmål og nord-samisk – eit arbeid som no er kome langt. Og sommaren 2002 vart det for alvor sett i gang omsetjing av gratispakken OpenOffice til nynorsk og bokmål. Omsetjinga skal også brukast i den kommersielle versjonen av pakken, StarOffice. Med andre ord vil vi truleg om ikkje lenge kunne velje mellom fire pakkar kontorstøtteprogram på nynorsk: Skulelinux, OpenOffice, Microsoft Office og StarOffice, dei to første som gratisprogram, dei to siste siste som kommersiell programvare.
Fleire andre program finst allereie på nynorsk. Ei viktig hending var det at nettlesaren Opera kom i nynorskversjon frå starten av, i 1995–96. Det vart for somme av oss ein inspirasjon for vidare arbeid for nynorsk programvare.
Dei siste to-tre åra har fleire privatpersonar lagt ned eit stort gratisarbeid i omsetjing av dataprogram til nynorsk. KDE for Linux finst gratis på nynorsk, tekstbehandlaren AbiWord likeins. Vi har nettlesaren Mozilla og e-postprogrammet Phoenix.
Og vi har kommersielle program som Kark og Classfronter for nettundervisning og nettdebatt, timeplanprogrammet SATS Novaschem, språkøvingsprogrammet Drillpro, økonomi- og personalprogrammet Agresso og arkiv- og saksbehandlingsprogrammet Kontor 2000. Nynorsk stavekontroll har vi hatt i lengre tid. Dag og Tid lanserte den første i 1987. Siste programmet, for Microsoft Word, er Orthografix, utvikla av Lingsoft i Finland. Vidare har vi Tansa, som mellom anna blir nytta av ein del aviser. Og ikkje minst viktig: Vi har omsetjingsprogrammet Nyno, som omset frå bokmål til nynorsk, utvikla av Nynodata i Bø i Telemark. Første versjonen kom i 1991. Nyleg er ordlistene i programmet utvida med lister baserte på Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Denne omsetjingsteknologien skal nyttast når Microsoft Office no skal kome i nynorsk språkdrakt.
2 Brotstykke av historia
Arbeidet for nynorsk programvare tek for alvor til i 1992–93. Da veks tanken fram om å bruke reglane for offentlege innkjøp som verkemiddel for å fremje nynorskversjonar av sentrale dataprogram. I Innst. S. nr. 17 (1992–93), ei innstilling til ei stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste, uttalte eit fleirtal i stortingskomiteen (A, SV, KrF og Sp):
"Fleirtalet viser til at edb er innført på dei fleste offentlege kontor og at mange arkiv- og saksbehandlingsprogram er utvikla, men at få av desse programma i utgangspunktet har nynorskversjon. Fleirtalet meiner at det bør leggjast inn som eit krav når statsorgan hentar inn tilbod på edb-sida, at programma har både ein nynorsk- og bokmålsversjon."
Denne tanken har levd vidare i arbeidet for nynorsk programvare fram til i dag.
I 1999 sette Norsk språkråd i gang ei utgreiing om nynorsk programvare. Utgreiinga vart skriven på engelsk av Michael Everson i Irland og Trond Trosterud i Tromsø mellom anna for at også andre språksamfunn skulle kunne dra nytte av ho. Eitt av emna som utgreiinga drøfta og i ein viss grad prøvde ut, var maskinomsetjing av programvare. Når Microsoft no omset neste Office-pakken til nynorsk i samarbeid med Nynodata, byggjer dei på tankar frå dette utgreiingsarbeidet.
Nynorskrørsla har arbeidd for nynorsk programvare sidan byrjinga av 1990-åra, men arbeidet fekk for alvor driv etter konferansen "Hvem styrer språket?", som vart skipa til av Det Norske Samlaget og Landssamanslutninga av nynorskommunar i Bergen i januar 1999. Det var også etter denne konferansen at Norsk språkråd sette i gang si utgreiing. I tida som følgde, gav LNK, Norges Mållag, Norsk Målungdom og Nynorsk forum spørsmåla høg prioritetet. Vi fekk aksjonen Nynorsk data 2000: 110 ordførarar og over 400 rektorar underteikna eit opprop der dei kravde nynorskprogram. 28. september 2000 streika elevar i vidaregåande skular for kravet om nynorsk programvare.
Da forskrifta til den nye opplæringslova kom i 1999, vart det etter kvart presisert at det språklege parallellitetkravet galdt også for elektroniske læremiddel. Men departementet gjorde unntak for "administrativ programvare", dvs. kontorstøtteprogram (tekstbehandling, rekneark, databaseprogram og presentasjonsprogram). Fleirtalet i utdanningskomiteen bad i Innst. O. nr. 89 (1999–2000) departementet leggje fram ein tidsplan for oppheving av dette unntaket, og departementet gav Læringssenteret i oppgåve å greie ut saka. Læringssenteret leverte si innstilling til Kyrkje- utdannings- og forskingsdepartementet i juni 2001. Innstillinga gjekk inn for at parallellitetskravet skulle gjelde også for kontorstøtteprogram, og Læringssenteret la fram ein tidsplan i tre steg for gjennomføringa av dette. Departementet har enno ikkje teke standpunkt til innstillinga.
I juni 2001 la også Norsk språkråd fram "Handlingsplan for norsk språk og IKT", utarbeidd i samarbeid med ulike departement på oppdrag frå Kulturdepartementet. Eitt av åtte hovudmål er dette:
"Mengden norskspråklig programvare må økes, særlig programvare på nynorsk".
To sentrale tiltak knytte til målet er desse:
"NP1: Innføre et regelverk, med forankring i lov eller forskrift, for offentlige innkjøp av vanlig programvare (operativsystem medregnet) slik at det sikres språklige parallellutgaver [...]
NP4: Oppheve unntaket fra kravet om språklige parallellutgaver for administrativ programvare til skolebruk".
I 2000 kom fleire dataprogram på nynorsk som resultat av gratisarbeid frå nynorskbrukarar. Og sommaren 2001 kom dugnadsarbeidet med Skulelinux i gang: omsetjing av kontorstøtteprogram og pedagogiske program for Linux til bokmål, nynorsk og nord-samisk. Initiativet har hatt store ringverknader for arbeidet med nynorsk programvare. I 2001 tok nokre av fylka – med Akershus og Møre og Romsdal i brodden – initatiativ til å omsetje OpenOffice til bokmål og nynorsk, og i november 2002 kunngjorde altså Microsoft at neste Office-pakken skal kome i nynorskversjon.
3 Digitalisering eller språkdød
Informasjonsteknologien spelar ei svært sentral rolle i moderne samfunn. Difor er det også slik at dei språk som ikkje blir tekne vare på i den digitale verda, kjem til å døy ut som fullverdige språk i moderne samfunn.
At eit språk blir teke vare på i den digitale verda, vil seie:
(a) at ein kan bruke sitt eige språk i samband med informasjonsteknologien
(b) at dataprogramma har grensesnitt på eins eige språk
(c) at eins eige språk blir brukt i vesentleg monn i digitalt innhald i det offentlege rommet
Meir om (a): At ein kan bruke sitt eige språk i samband med informasjonsteknologien, vil seie at språket kan brukast som inndata og utdata. Med andre ord: at ein kan skrive eller snakke på sitt eige språk, og at skrifta eller talen kjem korrekt ut. Det vil igjen seie at alfabetet eller teiknsettet i språket kan brukast, og at språket kan brukast i talegjenkjenning og talesyntese (kunstig tale).
Meir om (b): At dataprogramma har grensesnitt på eins eige språk, vil seie at menyar, meldingar og hjelpefiler er på eins eige språk. Stavekontroll og grammatikkontroll kan også reknast med til grensesnittet, men dei kan også reknast med til (a).
Meir om (c): At språket blir brukt i større monn i det digitale offentlege rommet, vil mellom anna seie at det det er klart synleg på nettet og i digitale oppslagsverk og kunnskapsbasar.
Situasjonen for nynorsk er kort sagt denne:
(a) Vi kan bruke nynorsk både i tekstproduksjon og kommunikasjon. Men vi har gramatikkontroll berre for bokmål, automatisk diktering blir utvikla berre for bokmål, og i søkjebasar kan vi ikkje utan vidare søkje på tvers av bokmål-nynorsk. Skal vi søkje om eit emne på nettet, må vi som regel taste inn søkjeorda både på bokmål og nynorsk. Om ikkje lenge får vi truleg synonymordlister som går på tvers av målformene og som løyser dette problemet. Når det gjeld grammatikkontroll, er det førebels uvisst det vil finnast i den nynorskversjonen av Ms Office som skal kome i 2003.
(b) Dei fleste norskspråklege dataprogram har grensesnitt berre på bokmål. Men om ikkje lenge vil vi altså kunne velje mellom fleire pakkar kontorstøtteprogram på nynorsk.
(c) Om lag 6 prosent av norskspråklege dokument på nettet er på nynorsk. Sentrale statsorgan skal på nettstadene ha minst 25 prosent nynorsk i tilfang dei sjølve har laga. Få av dei oppfyller det kravet. På ODIN, departementa sin nettstad, ligg nynorskprosenten på berre ca. 10–12. Når det gjeld nasjonale kunnskapsbasar, såg det ei tid ut til at styresmaktene ville gje midlar til ein slik base, og at ein ville ta rimeleg omsyn til nynorsk. Men det er førebels ikkje løyvd midlar til tiltaket. Nynorsk kultursentrum og Det Norske Samlaget arbeider på si side målmedvite for ein nynorsk kunnskapsbase.
4 Meir om offentlege målsetjingar og utgreiingar
Eit sentralt mål i norsk språkpolitikk er "å sikre at våre to skriftspråk ikke bare overlever i IT-samfunnet, men kan bli styrket som det viktigste kulturelle uttrykksmidlet vi har" (Kulturdepartementet: Skape – Bevare – Formidle, oktober 1996).
I St.meld. nr. 13 (1997–98) Målbruk i offentleg teneste er dette målet ført vidare og presisert:
"Målet er å kunne gi både nynorsk- og bokmålsbrukarane gode reiskapar til støtte for språkbehandling og å tilby relevante informasjonstenester o a på begge målformer."
I innstillinga til stortingsmeldinga (Innst.S. nr. 174, 1997–1998) uttalte kulturkomiteen:
"Det vil lett kunna bli slik at dersom ikkje staten tek den kulturpolitiske styringa når det gjeld språk og IT, vil tilfeldige programvareutviklarar kunna leggja føringar på utviklinga av norsk språk."
St.meld. nr. 9 (2001–2002) Målbruk i offentleg teneste har denne formuleringa når det gjeld språkleg jamstilling på IT-feltet:
"Det er eit språkpolitisk mål ... at nynorsk kan tryggja og styrkja posisjonen sin både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål. Med dei utfordringane vi ser i kjølvatnet av internasjonaliseringa og den teknologiske utviklinga, må vi i tillegg stilla opp som det overordna språkpolitiske målet å verna og styrkja norsk språk i det heile, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet, inn i det nye informasjonssamfunnet."
I innstillinga til stortingsmeldinga (Innst.S. nr. 109 (2001–2002) uttalte fleirtalet i kulturkomiteen (alle unnateke Frp):
"Fleirtalet vil peike på den store mangelen det er på nynorsk programvare. Som ein av Noregs største IT-kundar, rår det offentlege samla over eit sterkt økonomisk verkemiddel til å krevje at produsentane utviklar nynorskversjonar. Fleirtalet viser til at Stortinget fleire gonger har understreka at viss ikkje staten tek den kulturpolitiske styringa når det gjeld språk og IT, vil tilfeldige programvareutviklarar kunne leggje føringer på utviklinga av norsk språk."
Som nemnt ovanfor bad Kulturdepartementet i 2000 Norsk språkråd om å utarbeide ein handlingsplan for norsk språk og informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). Planen er ei oppfølging av St.meld. nr. 13 (1997–98) og inngår i Nærings- og handelsdepartementet sin e-Noreg-plan. Forslag til handlingsplan vart lagt fram i februar 2001, og ein revidert "Handlingsplan for norsk språk og IKT" vart levert departementet i juni 2001. Eitt av dei åtte hovudmåla i planen er:
"Mengden norskspråklig programvare må økes, særlig programvare på nynorsk".
Tiltak knytte til dette målet er skisserte i kapittel 4 i handlingsplanen:
"NP1 Innføre et regelverk, med forankring i lov eller forskrift, for offentlige innkjøp av vanlig programvare (operativsystem medregnet) slik at det sikres språklige parallellutgaver [...]
NP4 Oppheve unntaket fra kravet om språklige parallellutgaver for administrativ programvare til skolebruk"
Kultur- og kyrkjedepartementet viste til handlingsplanen i St.meld. nr. 9 (2001–2002), som vart lagd fram i desember 2001, og varsla at departementet mellom anna i ei meir generell kulturmelding ville kome attende til "korleis staten skal bruka marknadsmakta si til å syta for at dei vanlege dataprogramma skal vera å få både i ein nynorsk- og ein bokmålsversjon". Kulturmeldinga skal kome i 2004.
Kyrkje-, utdannings og forskingsdepartementet presiserte i "IKT i norsk utdanning – årsplan for 2001" at pedagogisk programvare og elektroniske læremiddel kjem inn under parallellutgåvekravet i opplæringslova og forskriftene til lova. KUF hadde tidlegare i rundskriv F-044-99 25. juni 1999 gjort unntak for "administrativ programvare", dvs. vanlege kontorprogram. Fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen bad difor i Innst. O. nr. 89 (1999–2000) KUF leggje fram ein tidsplan for arbeidet med å oppheve unntaket frå parallellutgåveregelen når det gjeld slike program:
"Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Venstre, mener at spørsmålet om nynorskversjoner av administrativ programvare er en avgjørende faktor i arbeidet for likestilling mellom nynorsk og bokmål, og en forutsetning for at nynorsk- og bokmålselever skal ha samme vilkår i skolen. Flertallet ber derfor departementet legge fram en tidsplan for arbeidet med å oppheve det foreløpige unntaket fra parallellutgaveregelen."
Ei utgreiing frå Læringssenteret i juni 2001 (laga etter oppdrag frå Kyrkje- utdannings- ogforskingsdepartementet) konkluderte med at kontorstøtteprogram som skal brukast i skulen, må liggje føre på både bokmål og nynorsk. Læringsenteret la fram ein stegvis plan for oppheving av unntaket:
"En arbeidsgruppe har sett på dette og foreslår at forskriftene endres etter følgende plan:
Høsten 2001
– Arbeidet med å oppheve unntaket fra kravet om språklig parallellitet for administrativ programvare (i først omgang tekstbehandling) startes.
1. august 2002
– Fritak for kravet om språklig parallellitet på tekstbehandling oppheves.
1. august 2003
– Fritaket for kravet om språklig parallellitet på øvrig administrativ programvare (regneark, databaseverktøy og presentasjonsverkstøy) som læremiddel oppheves."
Departementet har enno ikkje teke avgjerd i saka. Norsk språkråd sende i januar og april 2002 brev til UFD og bad departementet følgje opp fråsegna frå fleirtalet i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen og tilrådinga frå Læringssenteret.
Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen behandla i januar 2002 i Innst. S. nr. 77 (2001–2002) eit framlegg frå stortingsrepresentantane Trond Giske og Vidar Bjørnstad om skiping av ein nasjonal kunnskapsbase. Fleirtalet i komiteen (alle unnateke Framstegspartiet og Simonsen) uttalte mellom anna:
"Flertallet er enig med forslagsstillerne i at nasjonale kunnskapsbaser er viktig for å sikre vår felles kunnskaps- og kulturarv, og at dette handler om å ta vare på vår felles nasjonale hukommelse. Flertallet vil videre påpeke at informasjon og kunnskap blir til i mange organisasjoner og fora, og at nasjonale kunnskapsbaser i én forstand kan og bør sees på som summen av alle disse. Et moderne samfunn er best tjent med et mangfold av kunnskapskilder, men det er om å gjøre å legge til rette for mest mulig effektiv utnyttelse av disse kildene.
Flertallet ber Regjeringen sørge for at de språkpolitiske målsettingene om likestillingen mellom våre to målformer ivaretas ved etableringen av nasjonale digitale kunnskapsbaser."
Kulturdepartementet lyste i juni 2001 ut ei anbodstevling om skipinga av ein nasjonal kunnskapsbase på Internett, og det vart stilt språkkrav i utlysinga, men regjeringa sa i november same året nei til dei tilboda som hadde kome inn. Regjeringa la så i april 2002 fram "Strategi for elektronisk innhold 2002–2004".
Språkformuleringane er noko upresise: "Produksjon og spredning av elektronisk innhold reiser særskilte utfordringer når det gjelder å ivareta så vel Norges offisielle språk – bokmål, nynorsk og samisk – som innvandrerspråk." Når det gjeld det vidare arbeidet med "kunnskapskjelder på norsk", skal det etter dette dokumentet gjerast brukarundersøkingar i skulesektoren og bibliotekssektoren mellom anna for å kartleggje behova (Pilotprosjekt 3). KKD, UFD og NHD skal leie dette arbeidet. Det vart ikkje sett av særskilde midlar i 2002. "For senere år vil arbeidet følges opp gjennom de ordinære budsjettprosessene", skreiv NHD i pressemeldinga om planen.
5 Litt om det tekniske: internasjonalisering og lokalisering
"Internasjonalisering" og "lokalisering" er to fagord i samband med moderne dataprogram.
Dataprogram består av programmeringsspråk (programkode) og naturleg språk (tekstar). Moderne dataprogram er laga slik at det skal vere lett å lage nye språkversjonar av programma. Å tilretteleggje programma slik at det skal vere greitt å lage nye språkversjonar blir på fagspråket kalla "internasjonalisering". Å lage ein ny språkversjon blir kalla "lokalisering".
I moderne dataprogram er programmeringsspråket og det naturlege språket skilde. Når ein skal lage ein ny språkversjon, hentar ein ut tekstane (menytekstar, meldingar, hjelpefiler), omset dei til det nye språket og legg dei så tilbake i dataprogrammet. Deretter må programmet prøvast ut på nytt. "Alfatesting" er den utprøvinga produsenten sjølv gjer. "Betatesting" er testing som brukargrupper gjer før den endelege versjonen blir lansert. Ein "betaversjon" av eit program er ein versjon laga for betatesting. Skulelinux er til dømes no i ein fase med betatesting når det gjeld bokmåls- og nynorskversjonen.
Dataprogram varierer mykje i storleik, og mengda av tekstar varierer også. Det grafiske programmet Quark XPress hadde i 1999 om lag 57 000 teikn, Word 2000 har ca. 20 000 tekststrenger med til saman 580 000 teikn og 76 500 ord, og i operativsystemet Windows 98 utgjer språket 2 280 000 teikn og vel 300 000 ord fordelte på over 62 000 strenger. Da er ikkje hjelpefilene til programma medrekna. Elles er det gjerne slik at nye versjonar av programma har meir tekst enn den førre versjonen.
Tekstmengda i Windows 98, Office 2000 og Internet Explorer svarar om lag til ein norsk bibel, rekna i teikn, hjelpefiler ikkje medrekna. Rekna i ord utgjer tekstane i programma mindre enn ein bibel, for orda er i gjennomsnitt noko lengre i dataprogramma enn i Bibelen. Ein norsk bibel har om lag 4,5 mill. teikn og vel 810 000 ord.
Legg ein til grunn dei tilrådde satsane frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, vil omsetjing av Windows 98, Word 2000, Excel 2000, Access 2000, Powerpoint 2000 og Internet Explorer kome på til saman ca. 325 000–350 000 kr (hjelpefiler ikkje medtekne). Og jamvel om ein betaler etter høgre satsar, som dataselskapa gjer, er det neppe tale om svært store utgifter. Men for denne typen program er sjølve omsetjingskostnadene berre ein del av dei samla kostnadene. Microsoft seier at nynorskversjonen av Office no vil koste dei 2–3 millionar.
Skulelinux reknar med at omsetjing av OpenOffice (tekstbehandlar, rekneark, presentasjonsprogram) tek ca. 3500 timar per språk. 1200 timar går med til å omsetje om lag 74 000 ord i grensesnittet (menyar og meldingar), 2200 til å omsetje rundt 500 000 ord i hjelpefiler. I tillegg kjem 100–200 timar til omsetjing av ei ordliste på 6500 ord som blir nytta i arbeidet. Skulelinux opplyser vidare at datafirmaet Sun har rekna omsetjingskostnadene for OpenOffice til ca. 3,5 mill. kr.
Når det gjeld brukarmiljøet KDE for Linux (KDE svarar i grove drag til Windows-miljøet i Windows-verda), reknar Skulelinux med at omsetjing av menyar og meldingar til nynorsk har teke om lag 1000 timar, og at omsetjing av hjelpefilene tek rundt 1500 timar.
6 Utfordringar i tida frametter
Sentrale utfordringar i den nærmaste framtida er:
(a) å få regelverk i staten på plass for å sikre nynorskversjonar av vanlege dataprogram
(b) å gjere nynorskbrukarar (private og institusjonelle) medvitne om å krevje og bruke nynorskprogram
(c) å arbeide for nynorsk i nasjonale kunnskapsbasar og på nettet elles
Når det gjeld (a), vil det seie at (1) Utdannings- og forskingsdepartementet må følgje opp innstillinga frå Læringssenteret, og at (2) ein får ein eigen paragraf i lov om målbruk i offentlege teneste som fastset at dataprogram som skal kjøpast inn av statsorgan, som hovudregel skal liggje føre både i bokmålsversjon og nynorskversjon. Denne føresegna må presiserast i ei særskild forskrift. I forskrifta må det mellom anna fastsetjast kva type program regelen gjeld, mellom anna:
– kontorstøtteprogram (tekstbehandlingsprogram, rekneark, databaseverkty, presentasjonsverkty, journal- og arkivprogram)
– e-postprogram og nettlesarar
– operativsystem for kontorstøtteprogram
Nynorskrørsla og også Norsk språkråd har tidlegare argumentert for at ei liknande føresegn burde takast inn i forskrifta til innkjøpslova, men forskrifta gjeld prosedyrar for innkjøp, og føresegna høver såleis ikkje så godt der.
Når det gjeld (b), må ein spreie informasjon om dei tilboda som finst og arbeide for at nynorskbrukarar tek i bruk dataprogramma etter som dei blir tilgjengelege. Dei institusjonelle brukarane (statsorgan, kommunar, skular, firma) utgjer ei relativt stor brukargruppe. 116 kommunar har nynorsk som målform, 15 prosent av elevane i grunnskulen har nynorsk som opplæringsmål. 10–15 prosent av befolkninga har nynorsk som sitt første skriftspråk.
Når det gjeld (c), må dei sentrale statsorgana (statsorgan som har heile landet som tenestekrins) oppfylle nynorskkvoten på nettstadene, og i offentlege kunnskapsbasar og portalar må nynorsk vere representert med minst 25 prosent. Eit nynorsk leksikon på nettet vil vere eit viktig tiltak for nynorsk skriftkultur.
Tilvisingar:
Norsk språkråd: Nynorsk programvare – eit oversyn
Jon Grepstad: Nynorsk programvare – nokre milesteinar
Jon Grepstad: Opplæringlova og elektroniske læremiddel
Norsk språkråd: Handlingsplan for norsk språk og IKT
Oddmund Løkensgard Hoel: Nasjonal nynorsk kunnskapsbase
Artikkelen er ein omarbeidd og ajourført versjon av ei innleiing på Noregs Mållags seminar om nynorsk og IT, 28. april 2002.
November 2002. Teknisk oppdatering 19. juli 2007.