Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Unntak i læreboknormalen

# Unntak 1:

Ei gruppe hankjønnsord får som hovudform fleirtal på er og ene, slik bøyinga er i mange dialektar. Desse orda har sideform på [-ar]. Elevar kan altså sjå bort frå dette unntaket dersom dei vil.

ein stad staden stader stadene
gjest gjesten gjester gjestene
medlem medlemen medlemer medlemene eller
medlem medlemmen medlemmer medlemmene
ven venen vener venene eller
venn vennen venner vennene

Andre slike ord:
bekk, benk, gong, kvist, legg, rygg, sau, sekk, vegg.

 

# Unntak 2:

Ord som endar på -nad og -a får -er og -ene i fleirtal som hovudformer. Alle desse orda har sideform på [-ar, -ane]. Elevar kan altså sjå bort frå dette unntaket.

ein stønad stønaden stønader stønadene
ein søknad søknaden søknader søknadene
ein sofa sofaen sofaer sofaene
ein villa villaen villaer villaene

 

Utviklet av Gazette