Hankjønnsord får -ar, -ane i fleirtal: gutar, gutane; heltar, heltane
| ein gut |
guten |
gutar |
gutane |
Hokjønnsord får -er, -ene i fleirtal: jenter, jentene; stjerner, stjernene
| ei jente |
jenta |
jenter |
jentene |
Hokjønnsord på -ing får -ar, -ane i fleirtal: gjerningar, gjerningane; hendingar, hendingane.
| ei gjerning |
gjerninga |
gjerningar |
gjerningane |
Inkjekjønnsord får inga ending i ubunden form fleirtal og -a i bunden form fleirtal: hus, husa; fly, flya
Dei fleste substantiva kan bøyast etter hovudreglane. Men det finst unntak.