| eintal |
subjektsform |
objektsform |
| 1. person |
eg |
meg |
| 2. person |
du |
deg |
| 3. person |
han |
han/honom |
| |
ho |
henne/ho |
| |
det |
det |
| fleirtal |
|
|
| 1. person |
vi/me |
oss |
| 2. person |
de |
dykk |
| 3. person |
dei |
dei |
I denne gruppa vil feila lettast komme i 2. person fleirtal.
Merk:
Nynorsk har ikkje det personlege pronomenet den. Når vi viser til eit substantiv, nyttar vi han og ho der vi på bokmål nyttar den.
Døme:
bilen – han avisa – ho
Eg måtte vaske bilen etter fjellturen fordi han hadde blitt så skitten. Dersom ikkje avisa ligg på den staden ho plar liggje, har hunden teke henne.
Vi kan sjølvsagt nytte den som artikkel og peikande pronomen på nynorsk:
Den svarte Golfen var rådyr. Men Cecilie, ho er ikkje den som mister motet.
Dersom pronomenet har trykk, bruker vi gjerne den: Lotteriet hadde mange fine gevinstar, m.a. ein avansert datamaskin. "Den kunne eg tenkt meg!" sa Anna.
Øvingar: