Nokre svært vanlege verb har endinga -st, eller [-s] i alle former:
| å finnast |
finst |
fanst |
har funnest
|
| å synast |
synest |
syntest |
har synst |
Vi fører berre opp hovudforma med endinga -st, men du kan konsekvent velje berre -s dersom du vil bruke sideformer: å synas, synes …
Hugs at dei fleste verba har e i endinga i presens: synest. Du kan hugse bøyinga greitt slik:
|
å syna| – |st
|
syne|r |st
|
– synte| |st
|
– syn| |st
|
| |
|
|
|
Regel: Legg st (eller s) til bøyingsformene. På tilsvarande måte:
å finna| – |st |
fin|n – |st |
fan|n – |st |
har funne| |st |
Her ser du tydeleg at ei form som "finnest" vil bli feil. Merk at forma i infinitiv er å finnast same kva ending i infinitiv du vel. Altså: Vel du forma å finne i infinitiv, heiter st-verbet likevel å finnast (ikkje "finnest"). Dei få -st-verba som er laga av a-verb, får -ast i presens.
Her er ei liste over resten av dei vanlegaste verba av denne typen.
| å høyrast |
høyrest |
høyrdest |
har høyrst |
| å kjennast |
kjennest |
kjendest |
har kjenst |
| å krevjast |
krevst |
kravdest |
--- |
| å minnast |
minnest |
mintest |
har minst |
| å møtast |
møtest |
møttest |
har møtst |
| å skiljast |
skilst |
skildest |
har skilst |
| å skjemmast |
skjemmest |
skjemdest |
har skjemst |
| å slåst |
slåst |
slost |
har slåst |
| å snakkast |
snakkast |
snakkast |
har snakkast |
| å spørjast |
spørst |
spurdest |
har spurst |
| å trengast |
trengst |
trongst |
har trungest |
| å treffast |
treffest |
treftest |
har trefst |
| å trivast |
trivst |
treivst |
har trivest |
Desse verba, som har ei sjølvstendig tyding, må ikkje forvekslast med passivformene av verba, som i "Søknaden må sendast." Konstruksjonen av eit refleksivt verb til "å lese" er vanskeleg å tenkje seg. Men ein kan godt seie "Den boka må lesast!" som er passiv.
Øvingar:
NB: I øvingane har vi nytta hovudformene med -st. Elevar kan nytte sideformene med [-s].