
Når vi skriv, er det viktig at teiknsetjing, rettskriving og oppsett er korrekte. Feilstaving og rotete oppsett kan hindre folk i å lese og forstå det vi vil seie, og i verste fall orkar ikkje folk å lese teksten i det heile. For å hjelpe deg har Fiskå skole i Kristiansand laga ein vegvisar i flash-format. Norsk språkråd har gått gjennom tekstane. Vegvisaren tek opp desse emna:
| apostrof |
komma |
skriv aktivt |
| avsnitt |
mellomrom |
skråstrek |
| bindestrek |
orddeling |
stor bokstav |
| då eller når |
og eller å |
tankestrek |
| forkortingar |
punktoppstilling |
tal |
| hermeteikn |
samanskriving |
vanlege språkfeil |
| kolon |
semikolon |
språkvettreglar |
Flash-sidene
Skrivereglane finst både på bokmål og nynorsk. Du kan lagre rettleiinga på datamaskinen din ved å klikke på ei av lenkjene til høgre. Filene er pakka som zip-filer og må pakkast ut med eit utpakkingprogram, t.d. med programmet
Winzip.
Deretter kan du lage ein snarveg til fila som du kan plassere på skrivebordet. Når du klikkar på ikonet til snarvegen, startar rettleiinga. Du kan òg starte rettleiinga ved å klikke på filnamnet i utforskaren.