Stipend frå Språkrådet (ny frist 20. oktober)
(28.8.14) Hausten 2014 deler Språkrådet ut seks stipend til studentar. Kvart stipend er på 20 000 kroner. I år deler vi ut stipend til studentar som arbeider med bruk av engelsk og norsk i samfunnet, talemålsutvikling, norsk teiknspråk, kvensk språk eller språkbruk hos skuleelevar. Alle studentar som arbeider med relevante problemstillingar, kan søkje.