Her vil rettskrivingsnemnda publisere grunnlagsdokument, referat, innkomne framlegg, aktuelle problemstillingar og vedtak slik at alle interesserte kan følgje oss på vegen fram mot ei enklare rettskriving for nynorsk. Vi tek imot store og små innlegg med synspunkt og forslag gjennom diskusjonsforumet vårt eller på e-postadressa nynonemnd(a)sprakradet.no. Vi lovar ikkje å svare på alle innspel, men vi lovar å ta alle innspel med i vurderingane våre.
Oppgåva vår er å gjere nynorsken lettare å lære og lettare å skrive. Eitt av tiltaka er å ta vekk skiljet mellom hovud- og sideformer, slik det vart gjort i bokmålet i 2005. Den vanskelege vurderinga er kor få eller kor mange jamstelte former vi bør ha. Eit anna tiltak er å fjerne former som er lite brukte i skrift. Her lyt vi presisere at vi ikkje skal normere ordtilfanget.
Tidlegare rettskrivingsreformer har hatt som mål å gjere nynorsk og bokmål meir like kvarandre slik at dei kunne sameinast i ei målform. Denne politikken gjeld ikkje lenger. Heretter skal begge målformene normerast på eigen grunn.
Medan Ivar Aasen ikkje hadde noko anna å byggje på enn talemålet, har vi i dag eit rikt skriftleg tilfang av nynorske tekstar innanfor skjønnlitteratur, sakprosa og formelle offentlege dokument å byggje norma på. Etter 150 års bruk har det utvikla seg eit relativt tydeleg bilete av kva som er standard nynorsk, og kva som er avvikande for skrifttradisjonen. I praksis viser det seg at dei fleste av oss ikkje utnyttar, og kanskje heller ikkje kjenner til valfridomen, men held oss til ein midtlinjenormal. Det er denne varianten vi vil prøve å reindyrke til bruk i skule og offentleg forvaltning.
For å kome fram til den slitesterke bruksnynorsken vil vi byggje på den kunnskapen vi har fått gjennom forarbeida til dette normeringsarbeidet. Vi har eit rikt materiale av litteratur som er digitalisert, nye analysar av skriftleg materiale frå offentleg verksemd, språkprøver frå skuleelevar, avisartiklar og samtalar med sentrale språkpåverkarar, som til dømes forlag, nyhendebyrå og språkrettleiarar.
Dato: 9.3.2010