Språkprisen
Norsk språkpris er no erstatta av Språkprisen. Språkrådet deler kvart år ut to slike prisar for framifrå bruk av norsk i sakprosa, ein pris for nynorsk og ein for bokmål.
Prisane kan gjevast for enkeltverk eller produksjonar frå dei siste fem åra og kan gå til personar eller grupper (institusjonar, bedrifter, organisasjonar). Kandidatar til prisane kan kome frå næringsliv, forsking, undervisning, forvaltning, presse og etermedium, teknologi og kulturliv.