
Klamme former og sær skriving?
– Språklege rettar, sidemål og rettskriving i ein ny skulealder
Språkrådets skrifter nr. 1.
Språkrådet. Oslo 2009.
Redigert av Sigfrid Tvitekkja.
88 s.
Med dette skriftet etablerer Språkrådet ein ny skriftserie som tek opp tråden etter serien som Norsk språkråd, forgjengaren til Språkrådet, gav ut fram til 2000. Med «Språkrådets skrifter» vil vi synleggjere emne som det ligg til samfunnsmandatet vårt å vere opptekne av.
Dette nummeret handlar om norskfaglege problemstillingar som Språkrådet er oppteke av. Aldri før har læreplanane framheva så tydeleg at lesing og skriving er dei mest grunnleggjande ferdigheitene for all læring.
Samstundes veit vi at lesing og skriving heng i hop: Ein blir ikkje ein god skrivar utan å lese mykje. Korleis er vilkåra i dag for å lære norsk godt?Korleis praktiserer forlaga at lesebøkene i norskfaget i grunnskulen skal ha nok tilfang på begge målformer, slik opplæringslova krev? Korleis har fritaksreglane for vurdering i sidemålet fungert? Kva og korleis lærer elevar på barnetrinnet om særskriving? Veit elevar i den vidaregåande skulen eigentleg kva som er korrekt nynorsk, og kva meiner dei om valfridommen i rettskrivinga?