Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Kvifor NOREG på nynorsk?

Sekretariatet i Norsk språkråd får ofte spørsmål om det nynorske namnet på landet vårt. Dei som spør, er i tvil om ein også kan bruka Norge på nynorsk, eller kvifor Noreg er vald som eineform. I gjeldande nynorsk rettskriving er Noreg den einaste tillatne forma. I denne samanhengen kan det vera av interesse å ta med utdrag av ei språkmelding som nynorskkonsulenten i NRK, Magne Rommetveit, har skrive for medarbeidarane der:

"Alle norskfilologar er samde om at opphavet til namnet på landet vårt er Nordvegr (med stungen d) = vegen (landet) mot nord. I norrønt heitte det Noregr i nominativ, Noreg(e)s i genitiv, Noregi i dativ og Noreg i akkusativ.

Prof. D.A. Seip har prøvd å vise at Norge med hard (eksplosiv) g-uttale er resultat av norsk målutvikling. Professorane Marius Hægstad, Gustav Indrebø og Halvdan Koht meinte at det her var tale om dansk påverknad. Dei fekk følgje av folkehøgskulestyrar Jakob Naadland som i 1954 gav ut den polemiske avhandlinga "Noreg er namnet". Naadland la fram nytt stoff, særleg frå brev og lovhandskrifter i mellomalderen, og professor Seip svara ikkje på dette.

Landsnamnet i målføra i seinare tid

I dag er Norge med hard g-uttale vanleg så å seie i heile landet. For om lag 150 år sidan må det ha vore annleis. Jusprofessoren H.I.L.N. Steenbuch (som var frå Trøndelag) skreiv såleis i Morgenbladet i 1834:

"Vaar norske Almue, forsaavidt den har bestaaet Kampen med Præster, Skoleholdere og Skolebøger, kalder dog deres Land enten Noreg eller Norri."

Og historikaren P.A. Munch skreiv i 1849 (i ei språkleg avhandling på svensk for svenskane): "Norska folket själft säger alltid Norig eller Noreg."

I målføra må dativforma ha vore mest utbreidd på Vestlandet, og den harde (eksplosive) g-uttalen kom først inn i området frå Indre Sogn til Romsdal. Men etter opplysningar som D.A. Seip fekk i 1920-åra, sa gamle folk Nårje også somme stader her. I Nord-Noreg og til dels i Trøndelag har uttalen vore Nårj(e) og på Vestlandet søranfor Sogn til Ryfylke Nårje (fleire stader i Hordaland høyrer ein enno ofte uttalen Nårje). Elles i landet har namnet vore Nårri, Nore, Nørje, Nøri osb., somme stader med aksent 1, andre stader med aksent 2.

Nårje må vere lydrett utvikla av den gamle dativen "Noregi" (med g-en uttala palatalt, dvs. som j-lyd). Skulle vi bruke dativen i historisk rett utvikla form, måtte vi altså uttale landsnamnet vårt som svenskane gjer det: Nårje. Grunnen til at vi fekk den harde g-uttalen her i landet, var nok at lærarane plikta å undervise på eit bokstavrett "Bogsprog" (klokkardansk) heilt til 1879 (då dei strenge uttalereglane i undervisningsplanen for skuleverket vart mykte opp).

Landsnamnet i nynorsk skrift

Ivar Aasen nytta i første utgåva av ordboka si (1850) Norig, men la til: "Heder ogsaa Norgje (Norje). Den sidste Form (som egentligt er Dativet af den første), er maaske mest brugelig". Det var truleg dette som gjorde at Lars Eskeland i si "Hjelpebok i Norsk rettskriving" (1855) førte opp både Norig, Noreg og Norge. I andre utgåva, i 1898, skreiv han: "Norge er dativ av Noreg (lyder mest Norje), og det er soleis ei god form". Norge var med i rettskrivingsordlistene også etter 1917, men tanken var nok at namnet då skulle uttalast Nårje.

Professor Halvdan Koht sette i 1920-åra mykje inn på at Noreg skulle vere den einaste skrivemåten, og dette har vore det nynorske namnet på landet sidan rettskrivingsendringa i 1938."

(Språknytt 2/1974)

Utviklet av Gazette