Ringdrotten og norsk språk

AV EILEV GROVEN MYHREN

I 1954 kom tredje og siste bandet av storverket The Lord of the Rings ut i Storbritannia. Forfattaren var språkmannen John Ronald Reuel Tolkien, professor i gamalengelsk ved universitetet i Oxford. Mange episke trådar som Tolkien hadde arbeidt med gjennom år, var førde saman til ein eventyrfylt biletvev. Verket vart snøgt godt motteke i ungdomsmiljø, først i USA. No er The Lord of the Rings snart omsett til 40 språk.

Tolkien hadde i unge år freista å byggje ein «mytologi for England» ved å samle materiale til og dinest forme ut det han kalla «den sanne attgjevinga om alvane». Han meinte at det angliske folket sat inne med mytologien, og at det var hans oppgåve å kalle han fram. Ein liknande tankegang låg til grunn for arbeidet til Elias Lönnroth med det finske eposet Kalevala, som Tolkien var inspirert av. Tolkien rakk aldri å fullføre The Book of Lost Tales (Boka med dei tapte sogene), som bar i seg frø til det som skulle bli Legendariet, forteljinga om alvane i verda. Men her fanst òg bakgrunnssoga for The Lord of the Rings.

The Lord of the Rings vart omsett til norsk riksmål i 1973 av Niels Werenskiold. Omsetjinga er skjemd av ein god del mistydingar som mykje kjem seg av at omsetjaren sakna kjennskap til Legendariet, som er den samlande nemninga på heile Tolkiens mytiske grunnforteljing. Slik kjennskap trengst for å forstå fullt ut dei mange underliggjande mønstera i teksta. Men Legendariet låg framleis som uferdige utkast på skrivebordet til forfattaren, som døydde same året. Sonen, Christopher Tolkien, såg det som ei plikt å redigere desse utkasta, og i 1977 kom dei ut under tittelen Silmarillion. Seinare har også mange av dei andre utkasta etter Tolkien òg vorte utgjevne, og til saman har alt dette opna for djupare innsyn i Tolkiens diktarverd.

Torstein Bugge Høverstad gjorde godt arbeid då han nyomsette The Lord of the Rings til bokmål i 1982. Det er denne utgåva, Ringenes Herre, som har vore mest lesen i Noreg fram til no. Mi omsetjing til nynorsk kom ut rett før jul i 2006 med tittelen Ringdrotten.

Stilval og danning

Valet av stil har vore ein vanske for alle omsetjarar av The Lord of the Rings. Problemet er inngåande drøfta av Nils Ivar Agøy, som har omsett Silmarillion til bokmål (1994). Då eg gjekk i gang med å setje om The Lord of the Rings til nynorsk, ønskte eg å ta omsyn både til dei problema Agøy hadde teke opp, og dei føresegnene Tolkien sjølv gjev i sitt eige verk.

I The Lord of the Rings kan ein skilje ut eit danningshierarki. På det høgste steget finn ein alvane,frå gamalt av naturmytiske vette som opphaveleg har levd i engelsk folkeminne. Om dei skreiv Tolkien i eit brev:

«The elves represent, as it were, the artistic, aesthetic, and purely scientific aspects of the human nature raised to a higher level than is actually seen in Men.» (Utkast frå eit brev til Michael Straight, februar 1956)

Desse skapnadene, som opphavleg var knytte til naturen, ber hjå Tolkien ein høgkulturtanke eller danningstanke, der danning ikkje er ein utvendig ferniss, men veks fram innanfrå og er i samklang med naturen (jf. Rousseau: «Kultur er utvikla natur»). Lenger nede på danningsstigen finst det ulike slag menneske, attåt hobbitar og dvergar.

Graden av danning kan mælast etter avstanden dei ymse skapnadene har til alvane. Hobbitane har ein plass om lag midt på stigen. Mange av dei er skeptiske til alvane, medan andre er glade i dei.

Nedst står orkane, eit folkeferd som er i tenest hjå mørkedrotten. Dei har inga danning. Det er orkane som vert skulda for den naturøydande industraliseringa, og i dei finn ein òg kimen til ein destruktiv «krigsindustri» med krutt og helvetesmaskinar.

For meg var det naturleg å velje skriftnormalar og dialektar for dei ulike folkeslaga i verket etter plassen dei einskilde gruppene hadde på Tolkiens danningsstige. Såleis vart dei meiningsfylt plasserte i norsk språksoge.

Etter di eg arbeidde innanfor nynorsk skrifttradisjon, gådde eg meir og meir at skriftnormer som hadde vakse fram i vårt land gjennom kring 150 år, kunne nyttast til å karakterisere dei ymse stega på danningsstigen. Det gav meining å leggje midlandsnormalen og Aasen-normalen i munnen på personar som åtte stor vørdnad hjå andre, og å la dei mest høgvørde tala i gamal sogestil eller plent etter Aasens skriftnormal. Elles merkte eg meg at levande målføre gav hobbitane, som elles var eit stykke lenger nede på stigen, særmerkt danning og vørdnad. Medan eg arbeidde slik, såg eg meir og meir at landsmål, målføre og nynorsk ikkje berre representerte kvar sine stillag, men òg spegla av ulike aspekt ved ein danningstanke som både Tolkien og Ivar Aasen var gripne av, kvar på sin måte. Aasen seier det slik:

«(Dannelsen) er altsaa en indvortes Fuldkommenhed, som meget vel kan forliges med de Skikke, som tilhøre ethvert Folk for sig selv […] Hvis man nu ikke er kommen til nogen indvortes Forfremmelse, men kun til en udvortes Omskabelse i sin Skik og Viis, og man saa vil, at dette skal kaldes Dannelse, da bliver det kun en Skindannelse, en ydre Forfinelse.» (Aasen: Dannelsen og Norskheden. 1856)

Tolkien skapte ein eigen mytologi på grunnlag av folkelege tradisjonar. Aasen reiste opp eit norsk skriftspråk med utgangspunkt i levande norske målføre med røter i norrønt.

Nynorsk og danning

Noreg har i dag to offisielle skriftspråk, nynorsk og bokmål. Det er ikkje noko nytt at nynorsken har vore nøydd til å kjempe mot bokmålet, og at bokmålet har vunne terreng i nynorskland i seinare tid, trass i at nynorsken ligg mykje nærare talemålet i svært mange norske bygder enn bokmålet gjer. Det har òg diverre vore slik at nynorsken har vore utsett for ikkje lite mobbing. Det er sagt at han er konstruert, «bondsk», uhøveleg for meir finstemde kulturytringar, ordfattig, vanskeleg å skjøna osb. Overklassa i Oslo har t.d. hatt lett for å påstå at dei «ikke skjønar nynorsk». Nynorsk har òg ofte blitt gjort til lått i revyar. Samstundes er det ålment godteke, også mellom bokmålsfolk, at nynorsk høver godt for poesi, så biletet er ikkje heilsvart. Men folk som meiner at nynorsk er vanskeleg å skjøna, les gjerne eldre riksmål som ligg nær dansk (t.d. Ibsen). Då kan ein spørja: Er det vanskelegare å lesa eldre nynorsk, t.d. Garborg? Og kva med Aasen-normalen? Kan han lesast i det heile?

Eg valde å gje språket til ei høgkulturell gruppe som Tolkien-alvane eit gamalt nynorsk skriftbilete. Det har ein magisk verknad, meiner sume.

Av reaksjonar eg har fått, tykkjest det ofte som om folk meiner dialekt og mangel på danning høyrer i hop. Dette kom tydeleg fram i ein replikk eg fekk frå ein austfolding, som beint fram trudde målet hans var ein «nulldialekt». Til dette ville vel Aasen ha svara at danning ikkje ytrar seg i målform, men i eit rikt ordtilfang.

Den engelske originalen syner at Tolkien har tenkt noko liknande. Samstundes ser ein at sume personar i boka endrar språk og stil ettersom dei stig på danningsstigen. Tolkien kvidde seg òg for å stemple målføre ved å la dei vonde nytte dei. Men i Hobbiten har han late tre troll tala cockney, det vil seia dialekt frå Aust-London. Dette bad han om orsaking for seinare og ville rette på det. Difor talar ikkje orkane i mi omsetjing nokon einstaka dialekt, men ei blanding av ord og bøyingsformer som ein ikkje kan heimfeste til nokon stad.

Reaksjonar frå utlandet på mi omsetjing, har vore gledeleg positive. Engelske, danske og svenske lesarar har gjeve uttrykk for at dei ikkje visste at det norske språket var så rikt på nyansar. I England er dei overraska, og set pris på, at norsk har levande dativ og fleirtalsbøying av verb. Slikt kunne ikkje ha kome fram i ei bokmålsomsetjing.

Reaksjonane frå norske lesarar har så langt vore positive, ikkje minst frå unge bokmålslesarar, med einskilde høgrøysta unnatak. Eg vonar omsetjinga mi kan vera med på å vende ein lei tendens til å tru at «skjøneleg» norsk berre er den norsken som er mest lik bokmål og mest fylt med framande ord. Eg vonar Ringdrotten kan syne at norsk, og først og fremst landsmål, nynorsk og ymse målføre, eig eit språkleg mangfald som kan utnyttast til kunstnarleg vinst, slik at ulike stemmer og stillag spelar saman til ein musikalsk og meiningsfull heilskap. Dersom omsetjinga òg kan vera med og bryte ned fordomar, så ikkje nynorsken av rein kunnskapsløyse vert slengd på den historiske skraphaugen eller hamnar på museum, har ho ei viktig oppgåve. Måtte mange finne glede i boka og få del i ein skatt som kanskje har vore løynd for sume.

 

-- Eilev Groven Myhren har hovudfag i musikkvitskap og har skrive artiklar om kulturhistoriske og kulturpolitiske emne i Filologen, Klassekampen og Årbok for Norsk Folkemusikklag.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:12.09.2007 | Oppdatert:16.06.2017