Ny og forbetra termwiki

Terminologitenesta i Språkrådet har fått laga ein wiki-basert termbase, som vi kallar Språkrådets termwiki. Termwikien skal vere eit hjelpemiddel til å gjere norsk terminologi tilgjengeleg på fleire fagområde.

AV OLE VÅGE OG MARIANNE AASGAARD

Termwikien er blitt vidareutvikla og forbetra og ligg no open for alle på www.termwiki.sprakradet.no. Det er mellom anna blitt enklare å leggje inn termar, og visninga er blitt meir oversiktleg. I tillegg er søkjemotoren blitt forbetra.

Kva er termwikien?

Termwikien er ein termbase. Det vil seie at han er eit verktøy der ein kan søkje etter og leggje inn termar. Du kan finne termar på fleire språk, og du finn òg definisjon eller forklaring til termane. Alle kan søkje etter termar, det er berre å gå til termwikien på nett og bruke søkjefeltet. For å kunne leggje inn termar må ein registrere seg som brukar og få ein brukarkonto.

Kven kan bruke termwikien?

Alle som har eit termprosjekt, både einskildpersonar og fagmiljø, er velkomne til å bruke termwikien til å registrere og offentleggjere terminologien sin. Det er ingen minimumskrav til kor stort prosjektet må vere. Termwikien har ikkje automatisk registrering av brukarar. Viss du ber om ein brukarkonto på termwikien, blir førespurnaden sendt til terminologitenesta i Språkrådet for godkjenning. Alle som blir registrerte brukarar, vil få hjelp og rettleiing av terminologitenesta i Språkrådet til å komme i gang.

Kvifor har vi laga termwikien?

Det er eit mål for Språkrådet at meir norsk terminologi skal bli tilgjengeleg for flest mogleg, og vi vonar at termwikien kan bidra til det. Termwikien er eit brukarvenleg verktøy og eit tilbod til miljø som ikkje har eit eige termregistreringsverktøy.

Terminologitenesta bruker termwikien til to av sine eigne prosjekt: Vi registrerer termane frå datatermgruppa der, i tillegg til at dei blir lagde ut på nettsidene til Språkrådet. Termwikien inneheld også ei mengd termar innan kjemi frå eit mønsterpraksisprosjekt i universitets- og høgskolesektoren. Vidare vil Statens vegvesen bruke termwikien til å registrere terminologi når dei startar eit terminologiprosjekt til hausten.

Du finn meir informasjon om termwikien i hjelpa på www.termwiki.sprakradet.no.

 

-- Ole Våge og Marianne Aasgaard er rådgjevarar i terminologitenesta i Språkrådet.

Del denne siden

Del på Facebook Del på Twitter

Publisert:23.09.2013 | Oppdatert:25.02.2021