Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Allergi

«Den blomstertid nå kommer …» Ei herleg tid – utan allergi

Men kvar femte nordmann lir av pollenallergi eller høysnue, les me. Fagordet er «sesongallergisk rhinitt», med symptom som snue, feber, tett nase og astmatiske rier vår, sommar og haust.

Nynorskordboka definerer allergi som ’overømtolig reaksjonsmåte i kroppen mot visse stoff’. Ordet er nylatin av gresk allos 'annan' og ergon 'verknad'.

Eit «allergen» (av allergi og gen) er då eit stoff som fører til allergi. Vanlege allergen er pollen frå or, hassel, bjørk, gras og burot.

Me finn ikkje allergi som oppslagsord i Norsk Ordbok frå 1966. Men Riksmålsordboken frå 1977 har denne definisjonen: ’overfølsomhet overfor visse kroppsfremmede stoffer’. Elles finn me at det i 1952 var radioforedrag om «Allergi og allergiske sykdommer» i programposten Hus og heim, og at det i 1946 var eitt oppslag om allergi i avisene. Det tilsvarande talet i 2009 var 822. 


Publisert: 25. mai 2010

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette