Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Korrekte julehelsingar

Korleis skriv ein jule- og nyttårshelsingar slik at dei blir korrekte både ut frå rettskrivinga og dei praktiske skrivereglane?

Her er nokre gode løysingar:

  • God jul og godt nytt år!
  • Med ønske om ei god jul og eit godt nytt år!
  • Vi ønskjer deg/dykk god jul og godt nytt år!
  • Vi ønskjer deg/dykk ei god jul og eit godt nytt år!

Legg merke til at verken jul eller dei andre orda i sjølve helsinga skal skrivast med stor forbokstav. Det er ingen av dei som er særnamn, men alle er samnamn (vanlege ord), og da skal det ikkje vere stor bokstav.  Den einaste store forbokstaven som er rett, er den som innleier helsinga, og det er i tråd med den generelle regelen om at vi nyttar stor bokstav i det første ordet i ein tekst, eit tekstavsnitt o.l.

Heller ikkje om ein skiftar ut god med gledeleg, godt med framgangsrikt e.l., skal det vere stor forbokstav.

Som vi elles ser, kan julehelsinga vere kortare eller lengre og ta til på ulike måtar.

Det er heller ikkje rett å nytte to t-ar i ordet eit. Det er berre når dette ordet fungerer som eit tal, at det skal skrivast med to t-ar: eitt i motsetnad til to, tre osv. Og slik er det jo ikkje her.

Somme skriv nyttår i eitt ord i staden for nytt år i to ord i helsinga. Dette kan ein gjere på både nynorsk og bokmål ut frå opplysningane i Nynorskordboka og Bokmålsordboka – og etter Nynorskordboka kan ein òg nytte nyår på denne måten.

Men for andre skurrar dette, fordi nyttår oftast tyder 'årsskifte' eller ’tida omkring årsskiftet’. Difor er ein alltid trygg om ein vel å skrive «godt nytt år» i tre ord.

Som det går fram av dette, er det her òg det enklaste som er det beste, også når ein skriv julehelsingar.

Og til slutt, «god jul» på teiknspråk:

  

Publisert 14. desember 2011

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette