Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
 

Surrogat

Eit surrogat er ei erstatning for noko anna og betre.

Vi kan seie at eit surrogat er ei dårleg erstatning eller ei etterlikning. Ordet har gjerne meir negativ klang enn eit substitutt.

Eit surrogat kan vere ei billeg matvare når ein ikkje får tak i den ekte vara. Særleg er kaffisurrogat eller surrogatkaffi kjent frå andre verdskrigen.

Ordet surrogatmor har vore brukt i fleire tiår. Det står for ei kvinne som går gravid med og føder barnet til ei anna kvinne. Surrogatmora gjennomfører svangerskapet, men gjev vanlegvis barnet frå seg etterpå. Nyordet surrogati har komme i bruk om det å få barn ved hjelp av ei surrogatmor.

Vi har elles registrert ein surrogat brukt om ein person som fungerer i staden for ein annan, særleg om ei surrogatmor.


Publisert: 6.12.2010

 

Les flere aktuelle ord

 

«Aktuelt ord» er en spalte på forsida til Språkrådets nettsted, der vi tar opp aktuelle ord og tema. Vi legger ut nye ord med jevne mellomrom. Her finner du en liste over ordene som har stått i spalten.

 

Utviklet av Gazette