Tid: 6. desember kl. 8.30–10.30. Vi serverer frukost frå kl. 8.00.
Stad: Difis kurs- og konferansesenter i 2. etasje,
Grev Wedels plass 9, Oslo (inngang frå Myntgata)
Påmeldingsfrist: 1. desember
På frukostseminaret vil Marie Louise Tank, som har skrive boka, innleie om korleis byråkratar kan bli betre til å formidle.
Boka er også lærebok for «train the trainer»-programmet i retorikk, eit pilotkurs som Difi arrangerer i haust. Formålet med kurset er å lære byråkratar å bli lærarar/rettleiarar i formidling i sin eigen organisasjon. På seminaret vil to av deltakarane frå dette kurset dele sine erfaringar og fortelje om korleis dei skal bruke opplegget i praksis.
Meld deg på frukostseminaret «Budskap og byråkrati».