Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten
 

Tåkeprat: Lokaliseringsframhald

(3.12.2010) Vi held fram med gode lokaliseringsdøme frå direktoratsverda. I dette dømet er det mange som skal ut. Stikkorda er løysing, utfordring og lokalisering. Skal tru om det er mogleg å lokalisere ei god løysing utan utfordringar?

 

Tåkeprat: Lokaliseringsframhald

«Det er enkelte utfordringar knytte til dei medarbeidarane som sit i landskapsløysingar. Kontrakten med selskapet gir god fleksibilitet til å kunne vurdere alternative lokaliseringar for direktoratet relativt raskt. Direktoratet vil i 2009 gjennomføre ein grundigare behovsanalyse for å vurdere den framtidige lokaliseringa av direktoratet, inkludert om det er mogleg å bli verande.»

Kommentar frå redaksjonen:
Er det mogleg å sitje i ei landskapsløysing? Sit ein ikkje heller i landskap? Og dersom direktoratet har «utfordringar knytte til» medarbeidarar i landskap, så kan det vel ikkje tyde noko anna enn at dei som sit i kontorlandskapet, ikkje trivst. I den andre setninga finn vi fleire overflødige ord som ikkje gjev naudsynt informasjon. Vi treng ikkje «god fleksibilitet til å kunne vurdere alternative lokaliseringar» dersom vi greier oss med «gjer det mogleg å flytte».

Denne teksten er eit tydeleg døme på at substantiva i staten spreier seg som kongekrabbar, til skade for andre ordklasser. Direktoratet kunne i staden ha uttrykt seg slik:

«Medarbeidarane som sit i landskap, er ikkje heilt nøgde. Kontrakten med selskapet gjer det mogleg for direktoratet å flytte att om ikkje lenge, om det trengst. Direktoratet vil i 2009 gjennomføre ein grundigare behovsanalyse for å vurdere om direktoratet skal flytte, og i så fall kvar.»

Gode råd
Unngå substantivsjuke.
Ikkje bruk lange ord (landskapsløysing) dersom korte (landskap) duger.
Spar på orda.

Har du gode eksempler på uklart språk i dokumenter fra det offentlige?

 

Send dem til klarsprak(a)sprakradet.no. Merk e-postmeldingen «Tåkeprat». Vi vil velge ut aktuelle eksempler og kommentere dem.

Skriv under med fullt navn. Eventuelle personopplysninger i teksteksemplene vil bli tatt ut. Vi har dessverre ikke kapasitet til å behandle eller kommentere eksempler som ikke blir lagt ut på denne siden.

 

Utviklet av Gazette