Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]
Klarspråk – Klart språk i Staten

Tiltaka i prosjektet

Tiltaka i prosjektet er

  • praktiske verktøy for å forbetre språket
  • tilbod om fagleg rådgjeving og økonomisk støtte
  • fakta og erfaringsutveksling om språkforbetringsarbeid
  • årlig utdeling av ein pris for klart språk i staten
  • deling av informasjon

I tillegg har vi informasjonsaktivitetar som skal skape merksemd om tilboda i dette prosjektet og om språkarbeid i staten generelt.

Desse tiltaka vert gjennomførte i prosjektperioden fram til 2011:

  • www.klarsprak.no: Nettstaden skal fungere som ei språkverktøykasse for tilsette i statsforvaltninga. Sida inneheld praktiske verktøy, råd og tips om korleis språket kan gjerast meir brukarvennleg, klart og forståeleg. I tillegg får brukarane informasjon om korleis ein kan gjennomføre språkprosjekt i statlege verksemder.

  • Kurs: Tilsette i statsforvaltninga skal få tilbod om kurs i å skrive klart. Kurset «Klart språk i forvaltninga» skal haldast to gonger i året i 2009 og i 2010. Difi har arrangert kurset i fleire år. Kurset heitte tidlegare «Kort og godt. Skrivekurs for byråkrater». Hausten 2009 og 2010 planlegg vi også eit eige kurs eller seminar for personar som har ansvar for språkforbetringsprosjekt på arbeidsplassen sin. Eit anna viktig klarspråkstiltak er å friske opp nynorskkunnskapane til statstilsette som har nynorsk som sidemål. Vi tilrår derfor også nynorskkurset til Difi.

  • Prosjektstøtteordning: Vi lyser ut midlar til språkforbetringsprosjekt i statlege verksemder. I tillegg til økonomisk støtte får verksemdene tilbod om praktisk støtte i form av fagleg rådgjeving.

  • Statens klarspråkspris: Éin gong i året skal det delast ut ein pris til ei statleg verksemd som har gjort mykje for å forbetre språket i skriftleg informasjon. Prisen skal spore til vidare innsats for klart språk.

  • Undersøkingar og dokumentasjon: Vi har samla resultat frå relevante undersøkingar og forsking i tillegg til annan dokumentasjon om språket i statsforvaltninga.  Resultata er publiserte på denne nettsida. Vi har også fått gjennomført ei lita undersøking med eit representativt utval av innbyggjarane i Noreg. Du finn eit samandrag av undersøkinga her.

  • Erfaringar frå andre språkforbetringsprosjekt:

Prosjektet «Godt språk hos fylkesmennene» er eit større språkforbetringsprosjekt som starta i 2008. Prosjektet fekk økonomisk støtte frå dåveranda Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Fylkesmannsembeta har mykje kontakt med kommunar og innbyggjarar, og andre statlege verksemder kan dra nytte av resultata av det språkarbeidet fylkesmennene gjer.

NAV og Statens pensjonskasse er to andre etatar som er i gang med eigne språkforbetringsprosjekt.

Prosjektet «Klart språk i staten» følgjer desse prosjekta og publiserer erfaringane frå dei på www.klarsprak.no.

 

 

 

Utviklet av Gazette