Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Johan Einar Unger: [Salme 148]

Love Drotten! Love Drotten fraa Himlarne! Love honom i Høgdi! Love honom alle hans Englar; lov honom, all hans Her! Love honom, Sol og Maane; love honom, alle lysande Stjernor! Love honom, Himlanne Himlar! og de Vatn yver Himlarne! Lova skulo dei Drottens Namn, di at han baud, og dei vordo skapte, og han feste deim alltid og ævlega; ei Log han gav, som ingen mun yver stiga.

Love Drotten fraa Jordi, Havdyr og alle Djup, Eld og Hagl, Snjo og Toka, Storm, som fullfører hans Bod, Fjell og alle Høgder, Aldotre og alle Sedrar, Villdyr og all Fenad, alt krjupande og fljugande, Konungar paa Jordi og alle Tjoder, Hovdingar og alle Domararar paa Jordi, Sveinar og Møyar alle, gamle med unge! Lova skulo dei Drottens Namn, diat hans Namn er høgt aaleina, hans Høgtign er yver Jord og Himmel. Han reiste Hornet fyre sitt Folk, ein Lovsong fyre alle sine gode Born, Israelsborni, dat Folket, som honom er nært. Love Drotten!

(Frå “Ein fin Haustdag” av * [Johan Einar Unger]. Ferdamannen. Eit Vikoblad aat Aalmugen. No. 2 og 3. dan 11te November 1865. Side 8)

Om omsetjinga

Dette er den første omsetjinga av ein bibelstekst på landsmål som kom på prent.

Om omsetjaren
Johan Einar Unger (1831–1911). Prest. Cand.theol. 1858. Var lærar i Bergen og var med i Vestmannalaget. Skreiv i Ferdamannen og skreiv føreord til Georg Griegs omsetjing av Markus-evangeliet. Kapellan frå 1864 i Kvam, Hordaland. Sokneprest i Kvinnherad frå 1878. Var ein av dei første prestane som nytta nynorsk til kyrkjemål. Gav ut Minne og dikt i 1911.

Skrive om Unger
«Den fyrste statskyrkjepresten som preika paa norsk var kann henda J. E. Unger. I minsto fortalde bispen A. Chr. Bang i eit fyredrag han heldt i Bondeungdomslaget i Oslo hausten 1902, at presten Unger hev den æra han er den fyrste som hev preika paa nynorsk. Men han nemner ikkje naar eller kvar det var, og det hev vore uraad aa faa betre greida paa dette. Han var fyrst i fleire aar kapellan i Kvam i Hardanger; men gamle folk der torer ikkje segja at han preika paa norsk der. Derimot fortel ein harding at det gjekk ord innetter fjorden um at han preika paa norsk i Kvinnherad der han vart sokneprest i 1878, so det hev kanskje vore etter den tid.»
(Anton Aure: Prestar som talar nynorsk. Risør 1924, s. 9)

Utviklet av Gazette