Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Marius Hægstad: Norsk Maallæra. 1879

TittelsideNorsk Maallæra elder Grammatik i Landsmaalet ved Kr. M. Hægstad, Skulestyrar. Namsos. Eiget Forlag. 1879

Boka er i jpg-format. Kvart dokument er ca. 100 kB.

Originalformatet er 11 x 16 cm.

I nokre nettlesarar må ein plassere muspeikaren på hjørnet nedst til høgre på bileta og klikke på det symbolet som da kjem fram, for å få biletfilene i full storleik.

Tittelside 10 23 36
Programord 11 24 37
Fyreord 12 25 38
II 13 26 39
III 14 27 40
Rettingar 15 28 41
Innleiding 16 29 42
4 17 30 43
5 18 31 44
6 19 32
7 20 33
8 21 34
9 22 35

 

 

Om forfattaren

 

Skrive om boka
«Fyrste læreboka Hægstad gav ut, var Norsk maallæra elder Grammatik i Landsmaalet. Ho kom ut på eige forlag i Namsos i 1879. [– – –]  Framstellingsmåten åt Hægstad er beintfram og grei, døma velvalde, og som ein kan vente, ligg det solide faglege kunnskapar under, og dei er med og gjev ei tenleg og gjennomtenkt pedagogisk framstelling. Denne vesle boka var viktig som ein framskuv for landsmålet på eit nytt område, og det er dessutan sjølve området for tilværet åt eit mål, nemleg målet sjølv og rammene for det. Med denne boka kunne dei som ville, lære landsmål. Folk tok også boka i bruk, særleg var det vel ungdomen på folkehøgskular og etter kvart borna i folkeskulen som gjorde det.
    Som ein kan tenkje seg, sende Hægstad eit eksemplar av landsmålsgrammatikken til Ivar Aasen då boka var ferdig sommaren 1879, men han fekk inga helsing attende for det fyrste. I februar 1880 skreiv han til Aasen og bad om råd i eit normspørsmål for ei lesebok han emna på å gje ut då (Aasen 1957–60 II 348). Han nemnde med det same grammatikken, og fortalde at han var prenta i eit opplag på 1000, og helvta var alt seld. På det brevet svara Aasen (same verk s. 183), og han tok til med å orsaka seg for at han ikkje hadde skrive og takka for boka. Aasen tykte vel om boka, og var glad for at Hægstad hadde halde fast ved den landsmålsforma som Aasen og andre hadde halde på, medan mange andre hadde prøvt på avvikande former.»
(Frå Kjell Venås: I Aasens fotefar. Marius Hægstad. Oslo: Novus forlag 1991, side 276–280)

Utviklet av Gazette