R. Flo: Midlandsmaal etter framlegge fraa rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg.
Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1906.
I 1898 sette Kyrkje- og undervisningsdepartementet ned ei rettskrivingsnemnd for landsmålet. Nemnda fekk tre medlemmer: folkehøgskulestyrar Marius Hægstad, Arne Garborg og Rasmus Flo, redaktør av det nye tidsskriftet Syn og Segn. Nemnda klarte ikkje å semjast om eit sams framlegg.
Flo og Garborg la fram ein normal som på viktige punkt braut med Ivar Aasen. Dei bygde på fjellbygdmåla på Austlandet, dei såkalla midlandsmåla, og normalen går difor under namnet midlandsnormalen. Framfor alt var det målet i Vest-Telemark, «folkevisemålet», som låg til grunn. Hægstad heldt på si side fast på Aasen-normalen med nokre tillempingar.
Etter å ha innhenta kommentarar frå andre fastsette departementet i 1901 at «Hægstadnormalen» skulle vere offisiell landsmålsrettskriving i skule og administrasjon, men elevar som ville, kunne nytte midlandsnormalen. Midlandsnormalen fekk ikkje mykje å seie, men Garborg brukte han i skriftene sine.
Vi gjev her att Rasmus Flo og Arne Garborg si framstilling av midlandsnormalen i R. Flo: Midlandsmaal etter framlegge fraa rettskrivingsnemndi i 1899 ved Arne Garborg. Kristiania: Olaf Norlis Forlag 1906.
Originalformatet er 13,2 x 20,8 cm.
Skriftet er skanna som bilete i png-format. Kvart dokument er 200–300 kB. Med nokre nettlesarar må ein plassere muspeikaren på hjørnet nedst til høgre på bileta og klikke på det symbolet som da kjem fram, for å få biletfilene i full storleik.