I mållova § 6 er det fastsett: «Frå statsorgan kan private rettssubjekt krevje ei viss målform i alle løyve, faste formularar og liknande som direkte gjeld dei sjølve.»
Du kan altså krevje å få til dømes vitnemål, eksamenspapir, førarkort, ID-kort og andre løyve på di eiga målform frå statsorgan.
Får du slike dokument på feil målform, kan du klage til det overordna organet. Kopi av klagen sender du til statsorganet sjølv og til Språkrådet.
Gjeld klagen eit departement, skal klagen sendast til Kultur- og kyrkjedepartementet.