Gå direkte til innhold [access key = i] Gå direkte hovedmeny [access key = h] Gå direkte til kontaktinformasjon [access key = k]

Helseføretaka og mållova

Kultur- og kyrkjedepartementet gjorde 18. mars 2004 vedtak om at helseføretaka kjem inn under lov om målbruk i offentleg teneste. Vedtaket får mellom anna konsekvensar for:

  • tenestemål og informasjonstilfang
  • namn på helseføretaka
  • korrespondanse

Tenestemål og informasjonstilfang

Når det gjeld tenestemål, gjeld dette for dei regionale helseføretaka (RHF):

  • Helse Nord – bokmål
  • Helse Sør – bokmål
  • Helse Aust – bokmål
  • Helse Vest – nynorsk
  • Helse Midt-Noreg – nøytralt

Informasjonstilfang frå helseføretak skal med nokre unntak vera på tenestemålet til helseføreteket. Er helseføretaket språkleg nøytralt, skal det veksla mellom bokmål og nynorsk. Reglane finst i mållova § 8 andre ledd.

Namn

Når det gjeld namn, skal statsorgan ha både ei bokmåls- og ei nynorskform dersom det ikkje høver med den same namneforma. Det er fastsett i forskrifter om målbruk i offentleg teneste § 4. Kultur- og kyrkjedepartementet har i samråd med Norsk språkråd ansvar for å sjå til at namneformene følgjer gjeldande rettskriving (læreboknormalen).

Dersom ein ønskjer å bruka forma "sykehus" som del av namnet, må helseføretaket, og også eit bestemt sjukehus som ikkje er eige helseføretak, i tillegg ha eit nynorsknamn med forma "sjukehus". Dette gjeld alle statlege organ og føretak som kjem inn under mållova, uavhengig av om dei er regionale eller sentrale statsorgan, og uavhengig av om vedkomande regionale organ har tenestemål eller ikkje.

Forma "sjukehus" kan brukast både på bokmål og nynorsk. Ved å nytta denne forma også som bokmålsform kan ein unngå dobbeltnamn, om det er det ein ønskjer.

Korrepondanse

Helseføretaka skal etter mållova § 6 første ledd svara på brev og førespurnader frå enkeltpersonar og andre private rettssubjekt i den målforma vedkomande sjølv nyttar.

I korrespondanse med kommunar og fylkeskommunar skal dei følgja dei kommunale og fylkeskommunale målvedtaka, jf. forskrift om målvedtak i kommunar og fylkeskommunar.

Meir informasjon

 

Sist oppdatert 5. august 2010

Utviklet av Gazette