Teksten oppsummerer dei viktigaste reglane
i lov om målbruk offentleg teneste
og forskriftene til lova.
1 Dersom det ikkje høver med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skal namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform. (f § 4)
2 Skjema skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. (l § 8,4)
3 Private rettssubjekt, dvs. alle andre enn offentlege instansar, skal ha svar på den målforma som er nytta i det innkomne skrivet. Private rettssubjekt kan krevje ei viss målform i alle løyve, faste formular o.l. som direkte gjeld dei sjølve. (l § 6,1)
4 Rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. som organet lagar, skal vere i tenestemålet til statsorganet. I språkleg nøytrale område skal slikt tilfang veksle mellom målformene slik at det blir eit rimeleg samhøve mellom dei. (l § 8,3, l § 8,2)
5 Tenestemålet for eit lokalt statsorgan skal samsvare med målvedtaket i den kommunen som er tenestekrins for organet. (f § 5,1)
6 Tenestemålet skal nyttast i skriv til alle statlege organ. (f § 5,1)
7 I skriv til kommunar og fylkeskommunar skal statsorganet nytte den målforma som kommunane eller fylkeskommunane har gjort vedtak om å krevje i skriv frå statsorgan. (l § 6,2 og l § 5)
8 Tilsette i embete eller tenestepost i staten der skriftleg utforming er del av tenesta, pliktar å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjeld for målbruk i statstenesta. (l § 4,1)
9 Kvart statsorgan har ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid får nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. (f § 1,3)
10 Kvart statsorgan har plikt til å syte for at reglane om målbruk i offentleg teneste blir følgde. (f § 1,2)
Tilvisingar:
l = lov om målbruk i offentleg teneste
f = forskrift om målbruk i offentleg teneste
Døme: (l § 8,1) = lov om målbruk i offentleg teneste
§ 8 første ledd